Ungdomspolitikarar kasta ut av Vest-Sahara

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kasta ut av Vest-Sahara

– Me oppfattar situasjonen som ubehageleg, uttalte internasjonal leiar i AUF i Sør-Trøndelag, Pål Spjelkavik tysdag til AUF.no. Få timar seinare blei den norske delegasjonen sett på ein drosje tilbake til Marokko. Klokka 24 i natt blei dei sett av i turistbyen Agadir, rett nord for grensa til Vest-Sahara.

Ifølgje den spanske avisa ABC blei òg sju spanjolar utvist frå Vest-Sahara i går.

Saman med tidlegare sentralstyremedlem i AUF, Kristine Hallingstad og Vegard Tjørhom og Gunnar Kausfrå Senterungdommen, har dei vore i Vest-Sahara som del av eit tverrpolitisk informasjonsprosjekt om arbeidet til FN i området. Til saman deltek 17 norske ungdomsorganisasjonar i prosjektet.

LES OGSÅ: Reiser til Vest-Sahara for å lære

Auka spenning
Besøket finn stad i ei tid med tiltakande spenning i området. Spesialutsendinga til FN var i førre veke på besøk i dei okkuperte områda. I ettertid har det kome til demonstrasjonar og påfølgjande sterke reaksjonar frå marokkanske styresmakter. Tysdag feira Marokko årsdagen for den «grøne marsjen»; dagen då marokkanarane rykka inn i området etter at tidlegare kolonimakt Spania trekte seg ut.

Under landsmøtet for få veker sidan vidareførte AUF det sterke engasjementet sitt for Vest-Sahara og saharawiane. På landsmøtet var to representantar frå AUFs saharawiske søsterorganisasjon blant gjestane.

– Kampen for eit fritt Vest-Sahara har vore ei viktig sak for AUF i mange år. Me er opprørt over Marokko si behandling av delegasjonen. No får medlemmene våre oppleva korleis det er å få meiningane sine knebla av autoritære krefter. Verda må få opp auga for Marokkos brutale framferd i Vest-Sahara, seier leiar i AUF, Eskil Pedersen.

Følg ungdommane på bloggen Sandfast!

Leiaren av Senterungdommen, Sandra Borch, seier dette i ei pressemelding:

– Senterungdommen har i mange år kjempa for eit fritt Vest-Sahara. Marokko si handsaming av Vest-Sahara er noko me tek sterk avstand frå. No er det på tide å få eit internasjonalt fokus på korleis Marokko har handsama og enno handsamar Vest-Sahara, folkesetnaden der og fridomsforkjemparar.

LES OGSÅ: Vest-Sahara ut av skuggen

Afrikas siste koloni
Vest-Sahara er Afrikas siste koloni, og har vore på FN si liste over ikkje-sjølvstyrte område sidan 1960-talet. Landområdet er tidlegare spansk koloni. I 1975 vart landområdet gjeve til Marokko og Mauritania. Mauritania trekte seg seinare ut, medan Marokko sidan har okkupert området. Om lag halvparten av den saharawiske folkesetnaden bur i flyktningleirar i Algerie; den andre halvparten lever under sterk undertrykking i dei okkuperte områda. Saharawiane vart lova ei folkerøysting om statusen sin i 1992. 20 år seinare har han endå ikkje funne stad.

STEINKASTANDE POLITI: I samband med besøket til FNs spesialutsending til Vest-Sahara har det vore stor mobilisering både frå saharawiar – og marokkansk politi: