102.000 barn er fattige i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal på barn i låginntektsfamiliar var i 2010 over 102.000, ifølgje EUs definisjon på kva låg inntekt er. I perioden frå 2008 til 2010 høyrte 74.300 barn til i hushaldningar som hadde låg inntekt over tid i Noreg. Denne delen har ikkje vorte endra dei siste åra, skriv Dagsavisen.

Talet på barnefamiliar med låg inntekt har totalt sett auka dei siste åra. Likevel har dei opplevd ein stor lønnsauke og fått ei klar forbetring i materielle levevilkår, syner den nye Nav-rapporten «Fattigdom og levekår i Norge».

LES OGSÅ: Idretten skyv fattige frå seg

– Inntektsveksten og prisveksten har vore høg i Noreg. Når foreldra ikkje har jobb, er familien avhengig av stønad frå det offentlege. Når stønaden ikkje blir justert, fell familiane bak, seier tenestedirektør Bjørn Gudbjørgsrud i Nav.

Barnetrygda har ikkje auka sidan 1996.

– Om barnetrygda hadde auka, ville fattigdommen vore lågare. Men det er ei avveging mellom å anten auke barnetrygda, og det å satse på tenestetilbod som kjem fattige barn til gode, seier Tone Fløtten, instituttsjef ved Fafos institutt for arbeids- og velferdsforsking.

LES OGSÅ: Fleire fattige born i Noreg

Rapporten viser at fire av ti barn i familiar med låg inntekt har innvandrarbakgrunn. Særleg er delen av fattige barn høg som veks opp i familiar med bakgrunn frå Irak, Afghanistan og Somalia. Låg utdanning og dårleg språkkunnskap er grunnar til at foreldrene til desse barna ikkje får seg jobb, peiker Gudbjørgsrud på. Han trur på innsats over lang tid må til for å rette på biletet (©NPK)

Er det greit at talet på fattige born aukar i Noreg? Kva meiner du ein bør gjera?