Idretten skyv fattige frå seg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste nordmenn er medlem av ein eller fleire organisasjonar. Men aktiviteten er skeivt fordelt.

I ein ny forskingsrapport frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor kjem det fram at det er store forskjellar mellom ungdom i og utanfor idretten. Økonomien til foreldra har mykje å seia.

– Det er liten grunn til å tru at interessa for idrett skulle vera mindre mellom dei med lågare inntekt. Viss idretten blir flinkare til å rekruttera breitt, så vil ein sitja igjen med fleire talent, seier Karl Henrik Sivesind. Han er ein av dei ni forskarane bak rapporten, som tek utgangspunkt i inntektstal frå 2007.

Berre kring ein tredjedel av barn og unge mellom 9 og 20 år frå familiar med inntekter under 345.000 kroner er med i idrettslag. For familiar med inntekter over 680.000 i året, er sannsynet for å vera med i idretten over 60 prosent.

LES OGSÅ: Idretten mistar taket på unge

Første gong
Mange idrettslag har dugnadsarbeid, kakelotteri og loddsal for å halda kostnadene nede. Men framleis kostar det å kjøpa sko og treningsklede, og turar og turneringar kostar også.

Karl Henrik Sivesind meiner dette kan vera ein del av forklaringa for at born og unge frå familiar med låg inntekt i mindre grad deltek i idretten.

– Men det handlar ikkje berre om pengane. Idretten tiltrekkjer seg òg eit lag av befolkninga som gjer at ikkje alle føler seg heime der, seier han til Framtida.no.

Det er første gong bakgrunnen til barn heilt frå niårsalderen er undersøkt. Kring 70 prosent av alle ni- og ti-åringar er medlem av idrettslag. Men i løpet av ungdomsåra er det mange som fell frå. Berre kring 15 prosent av alle mellom 20 og 25 år er medlem av idrettslag.

Folk frå familiar med lågare utdanning, og med god økonomi og leiande stillingar er dei som er mest aktive i idretten, ifølgje denne og tidlegare undersøkingar.

– Idretten har ein kjerne av pappaer som gjer ein god jobb, men der ikkje alle er like gode til å sjå dei som fell utanfor. Det er ikkje alle som kjenner seg heime i idretten, seier Karl Henrik Sivesind. Han meiner at både tiltrekkings- og utstøytingsmekanismar fører til at idretten ikkje har så mange medlemmar frå familiar med dårlegare råd.

LES OGSÅ: Spring ut fem par joggesko i året

Treng fleire ulike vaksne
– Kva kan idretten gjera for å få fleire med?

– For dei yngste er foreldra viktige. Det er viktig å ta med fleire ulike folk i det frivillige arbeidet, og ikkje berre dei som er i idrettslaget og nettverket deira frå før. Ein kan bli flinkare til å invitera fleire foreldra med, seier Sivesind.

Å avtala køyring og henting med fleire, er òg noko som vil hjelpa meiner han.

– Kanskje idretten skulle ha nokon slags besteforeldre som ser etter kven som ikkje har skikkeleg utstyr, føreslår forskaren ved Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.

LES OGSÅ: Uroa over slapp ungdom

Er det for mykje press for å ha det beste og dyraste utstyret i idretten?