Noregs fremste oljeregion kan ikkje basere seg like mykje på olja i framtida. Vindkraft er eit godt alternativ, meiner Natur og Ungdom.

– For oss som er opptekne av å skaffe nok fornybar energi, er vindkraft ei god løysing på problemet, seier Magnus Flåten Nickelsen. Han kjem frå Sandnes og sit i fylkesstyret til Natur og Ungdom i Rogaland.

– Vi er eit av områda med mest vind i heile Noreg. Samstundes kan vi ikkje som region basere oss like mykje på olje i framtida, då må vi ha eit godt alternativ og då er vindkraft nærliggande. Men for å få til utviklinga, må ingeniørar flyttast frå olje til vind.

LES OGSÅ: Fyll tanken med vind

Kvifor held dei på med det?
– Ein av dei mange fordelane med vindkraft, er at det er lønnsamt.  Vindmøllene kan gje overskot allereie etter eit år, forklarar Nickelsen. Han meiner vi må ty til vindkraft, om vi skal klare å skape ei bærekraftig utvikling. Samstundes peikar han på at vindkrafta kan nyttast i kombinasjon med vasskraft, så ein får nok straum også når det er lite vind.

– Vindkraft gjev noko av den mest miljøvennlege energien ein kan tenkje seg, i motsetnad til gasskraft, som korkje er lønnsamt eler miljøvennleg. Kvifor held dei på med det lenger, held han fram.

LES OGSÅ: Medvind for vindkraft

Dialog
Sjølv om det store fleirtalet av nordmenn er positive til meir vindkraft og regjeringa i energiutgreiinga slo fast at vindkraft kjem til å verte stadig viktigare dei neste tiåra, ser miljørørsla også nokre utfordringar.

– Vi ynskjer ikkje vindmølle på plassar der dei trugar naturmangfaldet, som til dømes at det går ut over fuglelivet, seier Nickelsen. Han meiner det er avgjerande å høyre på tilrådingar frå forskarhald.

Natur og Ungdom var mellom anna tidligare i mot utbygginga av Høg-Jæren energipark, som er den største vindmølleparken på Jæren. Men då nye undersøkingar synte at produksjonen ikkje skadar det biologiske mangfaldet, skifta dei meining og vart for prosjektet.

– Vi føler bransjen er veldig interessert i dialog, og har mellom anna vore på vitjing i vindparken, forklarar Nickelsen.

PRØV DEG PÅ DEN STORE KLIMAQUIZEN!

For tregt
Ein av dei få utfordringane Magnus Flåten Nickelsen ser, er at utviklinga går for sakte og at vindkraftsakene går for tregt gjennom systemet.

– Folk byrjar protestere heilt mot slutten, og kanskje tek prosessen 10-20 år, utdjupar han.

Men tidligare i år fekk fem nye vindkraftverk i Rogaland konsesjon frå Olje- og energidepartementet. Utbygginga av desse vil føre til ei dobling av norsk produksjon av vindkraft, og vil gje energi tilsvarande forbruket til 65.000 husstandar.

Nickelsen trur jærbuane jamt over er positive til vidare vindkraft-utbygging. Samstundes arbeider Natur og Ungdom for å gjere folke i nærmiljøet endå meir positive, gjennom informasjon og ulike kampanjar.

– Kunnskap kan gjere folk endå meir positive til vindkraft. For folk veit rett og slett ikkje kor bra det er, avsluttar NUaren.

Kva meiner du? Bør Noreg satsa meir på vindkraft?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE