Dei raud-grøne er under 36,9 prosent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei raud-grøne under 36,9 prosent

Det viser eit gjennomsnitt av ni nasjonale meiningsmålingar frå oktober, som Poll of polls har rekna ut.

Oppslutninga om dei raud-grøne er for andre gong i denne stortingsperioden under grensa for ultimatumet som dåverande statsminister Thorbjørn Jagland (Ap) gav veljarane i 1997 om at Arbeidarpartiet måtte ha minst 36,9 prosent for å regjere vidare. Førre gong var i desember 2010 med 36,8 prosent oppslutning.

LES OGSÅ: AUF vil gje stemmerett til 16-åringar

Stabilt blåblått
På motsett side har Høgre og Frp gjort reint bord i eit halvt år no. 51,1 prosent i oktober gir den sjette månaden på rad med blåblått fleirtal i Stortinget.

Høgre fekk det sterkaste månadssnittet sitt i nyare tid med 33,9 prosent oppslutning. Det er opp 0,4 prosentpoeng frå september. Brote ned på enkeltmålingar sprikjer Høgre frå 31,4 prosent til 37 prosent.

Samtidig auka oppslutninga om Frp til 17,2 prosent (+0,6). Frp er framleis det partiet som sprikjer mest på enkeltmålingar, frå 11,6 prosent i botn til 21,1 prosent som det beste resultatet.

Svakaste for AP
Sjølv om dei raud-grøne slit for tida, skal vi ikkje lenger tilbake enn til februar i år for å finne andre tal. Då hadde regjeringspartia Ap, SV og Senterpartiet ei samla oppslutning på over 44 prosent, og med Ap-tal rundt 35-talet.

Men for tida peiker pilene i motsett retning for Ap. Frå å liggje stabilt rundt 29– 30 prosent frå april til september, fall oppslutninga om Stoltenberg-skuta 1,3 prosentpoeng frå september til oktober. Snittet denne månaden på 27,8 er noko av det svakaste Ap har blitt målt på i heile stortingsperioden.

Les fleire saker om politikk her!

Fire over 4
Endringane er små, men alle småparti hamna over sperregrensa for utjamningsmandat på 4 prosent i oktober.

Størst er utslaget for Venstre, som gjekk frå 3,9 prosent i september til 4,5 prosent i oktober, opp 0,6 prosentpoeng.

Også SV og Sp går fram. SV får 4,1 prosent (+0,2) og Sp får 4,4 prosent (+0,1). KrF fell frå 5,2 til 5,0 prosent – men det er likevel over snittet frå i sommar.

Alle dei fire småpartia har hatt ei eller fleire målingar på 5-talet i oktober, og berre KrF har halde seg over sperregrensa på alle av dei ni enkeltmålingane. (©NPK)