Norske vindkraftkommunar vil likestillast med vasskraftkommunane. I eit brev til regjeringa og Stortinget frå 58 kommunar bed dei om retten til å krevje inn lokale kraftskattar.

NPK
NPK

I dag finst det lover som sikrar vasskraftkommunane økonomiske føremon gjennom såkalla naturressursskattar. Desse skattane gjev vertskommunane prosentvis fortenest ut frå mengda produsert vasskraft. Tilsvarande finst ikkje for kommunar med vindkraftproduksjon. Det meiner Landssamanslutninga av norske vindkraftkommunar (LNVK) at ikkje er rett. På vegner av 58 kommunar har LNVK sendt eit brev til regjeringa og Stortinget med krav om ei skatteordning for vindkraftkommunar, skriv Nationen.

LES OGSÅ: Kan dekkje alt energibehov

– På same måte som vasskraft, inneber vindkraftutbygging naturinngrep og at det vert lagt beslag på store areal i vertskommunane. Det finst i dag ingen lover eller avgjerder som sikrar vindkommunane økonomiske føremon i form av naturressursskatt eller andre interesser, seier LNVK-leiar Iver Nordseth. Han peiker på at myndigheitene har ambisiøse planar for vindkraftproduksjon.

– Det er venta at om lag halvparten av krafta som skal byggjast ut innan 2020, skal vere vindkraft. Skal vi nå desse måla, er vi avhengige av eit godt samarbeid med kommunar og lokalsamfunn. For å få til eit slikt samarbeid, er vi avhengige av kraftskatt på vindkraft, seier Nordseth.

LES OGSÅ: – Halm er ei uutnytta energikjelde

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE