Nye tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) syner at 7,6 prosent av alle som leverte eksamen i vårsemesteret i år fekk karakteren F. I kvar ende av statistikken ligg dei to handelshøgskulane i landet, Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen og Handelshøyskolen BI.
Medan NHH har ein strykprosent på 3 på bachelornivå, er det tilsvarande talet for BI på landsbasis 15,2 prosent. BI Oslo er ørlite grann betre enn snittet for alle lokalavdelingane til BI, med ein strykprosent på 14,8, skriv studentavisa Universitas.
– Den høge strykprosenten skyldast tøffe kurs på første studieår i matematikk, statistikk og bedriftsøkonomi der det krevst stor arbeidsinnsats for å stå, seier administrasjonssjef Kjersti Gummerson ved BI.
Tala betrar seg for studentar som har kome lenger i studieløpet.
Utdanningsinstitusjonane på Vestlandet er dei som gjennomgåande har den lågaste strykprosenten.
Skulen med lågast strykprosent på bachelornivå er NHH med 3 prosent, medan Trøndelag er vinnaren på masternivå. Høgskolen i Nord-Trøndelag er den einaste i landet med null prosent stryk. (©NPK)