Vil byrja tidlegare med sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspartiet heldt landsmøte i Trondheim i helga, og vedtok at sidemålet skal ha ein viktig plass i framtidas norskfag, både i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Eit stort mindretal ønskte at sidemålet skulle bli valfritt for elevar i den vidaregåande skulen, men dette blei avvist av fleirtalet. Landsmøtet var derimot samla om at alle bør få sidemålsopplæring i grunnskulen, og at dette bør byrja tidlegare enn i dag.

− Me trur elevar får eit betre forhold til sidemålet sitt om opplæringa byrjar forsiktig og mildt tidleg i skuleløpet, ikkje brått og hardt når elevane er minst motiverte for det. Når ein byrjar rett på eksamenspugging og sidemålsstil er det lett å forstå at det ikkje alltid oppstår kjærleik ved første blikk, seier Runar B. Mæland, som blei valt til andre nestleiar på landsmøtet.

LES OGSÅ: Rotevatn attvald

− Samstundes er det viktig at sidemålsundervisninga blir betre. Ikkje alle lærarar er like gode i sidemålet sitt, eller dei veit ikkje korleis dei best kan læra det bort til elevane. Då må desse lærarane tilbake på skulebenken sjølve, og få vidareutdanning.

Uavklart om eigen karakter
Unge Venstre gir eit klart signal både til dagens regjering og til potensielle regjeringspartnarar for Venstre i ei ny regjering om at sidemålet si stilling i skulen bør styrkjast, ikkje svekkjast. Landsmøtet konkluderte derimot ikkje i spørsmålet om korleis elevane sin innsats i sidemålet skal vurderast.

− Dagens norskfag treng utan tvil ei overhaling. Om me får ein tidleg start med sidemålet som sikrar den språklege valfridomen og jamstellinga, må me vera opne for å sjå på ulike løysingar for eksamen og karakter, seier Runar B. Mæland. Til Framtida.no seier han at han for sin eigen del er skeptisk til å ikkje ha eigen karakter.

Dette blir no ei sak for sentralstyret og landsstyret.

− Det nye norskfaget blir ei viktig sak for Unge Venstre denne hausten, ikkje minst fordi me vil at Venstre skal overta Kunnskapsdepartementet etter valet neste haust og gjennomføra vår politikk, seier Mæland.

Les fleire saker om Unge Venstre!

Kva meiner du bør gjerast med norskfaget? Bør ein slå saman karakterane i sidemål og hovudmål til éin karakter?