Fleire skal få bruka nett på eksamen

Lov til å bruka internett på eksamen er ein fordel for svakare elevar, men ikkje for dei flinke, viser forsøk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for nett på eksamen

Våren 2012 fekk elevar ved 15 skular for første gongen bruke Internett til eksamen. Ein evaluering gjort på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet konkluderer med at forsøket har vore vellykka.

No vil direktoratet utvida forsøket til å omfatta faga rettslære og medie- og informasjonskunnskap. Fleire skular skal òg få lov til å bli med på forsøket.

Dobbeltsjekka informasjon
Det var elevar i reiseliv og språk og internasjonal engelsk på studieførebuande studieretning som fekk tilgjenge til internett. Men dei fekk ikkje kommunisere med kvarandre.

Skulane hadde førebudd elevane til eksamen ved å informera om forsøket og ved å gjennomføra ein heildagsprøve med tilgjenge til internett. Dei har òg arbeidd med tema som fusk og plagiat og kjeldekritikk.

Blant elevane ved forsøksskulane oppgjev 84 prosent at dei har nytta internett under eksamen. Mange av desse elevane brukte likevel internett i relativt avgrensa grad. I den grada elevane har nytta seg av tilgjenget til internett, har det stort sett dreidd seg om å innhenta eller dobbeltsjekka faktainformasjon.

Flest nøgde
Litt over halvparten av elevane ved forsøksskulane synest at tilgjenge til internett gjev betre høve til å vise kva dei kan enn ved eksamen utan tilgjenge til internett. Samtidig er 20 prosent av elevane heilt eller delvis usamde i at tilgjenge til internett representerer eit slikt fortrinn.
Mange elevar synst det var nyttig å ha internett tilgjengeleg, fordi det gav høve til å finna og sjekka faktaopplysingar, få innspel til formuleringar og språkbruk, og ved at det gav ein tryggheitsfølelse.

Nokre elevar påpeikar at grunnlaget for å drøfta og reflektera blir større når internett er tilgjengeleg, sjølv om høvet til elevane til å vise kompetansen sin på dette feltet ikkje blir påverka direkte.

Fleire av elevane synest det var vanskeleg å finna gode kjelder, og at dei brukte mykje tid på å søkja, og leita etter relevant informasjon.

Svake elevar gjorde det betre
Både lærarar og sensorar gav uttrykk for at eksamen med tilgjenge til internett ville gje sterke elevar betre høve enn fagleg svake elevar. Men konklusjonen viser at det er stikk motsett.
Elevane med standpunktkarakterar 2 og 3 har fått betre karakterar til eksamen med tilgjenge til internett, medan elevar med standpunktkarakterar 4, 5 og 6 derimot har fått lågare.