– Nynorsk er ikkje eit seriøst fag utan eksamen

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje seriøst utan eksamen

Sjølv om tospråksituasjonen i Noreg er akseptert av dei fleste, møter sidemålet og nynorsken stadig meir motstand i skulen, både frå elevar, lærar og, vil mange meine, jamvel frå Utdanningsdirektoratet sitt framlegg til fjerning av sidemålskarakteren. Dette vart som venta eit av dei store temaa på Nynorskkonferansen, som hadde invitert fleire leiande vitskapsfolk og lærarar til å diskutere temaet "Tospråk og danning: revisjon av norsklæreplanen".

– Sidemålsopplæring fremjar danning
– Nynorsk er dannande for bokmålsfolk, og bokmål er dannande for nynorskfolk, meinte Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda. Han innleia konferansen med å sjå nynorsken sin posisjon i skulen og samfunnet i eit historisk-filosofisk danningsperspektiv.

– I den filosofiske tradisjonen si definering av ordet "danning" ligg det både å kjenne sin eigen tradisjon og bakgrunn, men også at ein tileignar seg noko ein ikkje kjenner, som gjer at ein kan sjå seg sjølv utanfrå. Danna blir ein først når ein har møtt det framande og tileigna seg det allmenne, sa Sørbø.

I forlenginga av dette danningsfilosofiske poenget, inspirert av filosofane Hegel og Gadamer, meinte Sørbø at denne tankegangen også var gyldig når ein snakka om sidemålsopplæringa, og at det ikkje var nytteverdien som var det tyngste argumentet for nynorske sin vidare eksistens som likestilt skriftspråk i skulen og samfunnet:

– Opplæring i nynorsk og bokmål fremjar danning fordi ein lærer seg sjølv å kjenne gjennom noko som er litt annleis. For alle som er utdanna i Noreg må det vere eit sjølvsagt krav at dei kan begge språka. Uavhengig av målpolitisk standpunkt, meinte han.

LES OGSÅ: – Eliten pyntar seg med nynorsk

– Kvir oss for å vektlegge det nasjonale
På konferansen analyserte ein kritisk professor Gunnar Skirbekk det han meinte var krisa i norskfaget, slik det framstår i dag.

– Det er klart for alle at norskfaget er i krise, sa han, og stilte spørsmål til den nye læreplanen sin bruk av omgrepa kultur, kommunikasjon, tekst, estetikk og retorikk.

– Når norskfaget i det nye framlegget er definert som eit allment kultur- og kommunikasjonsfag, kva er då forholdet til andre fag med same eller tilsvarande målsetjing, slik som historie og samfunnsfag? Problemet ligg i den uklare definisjonen av faget, både innetter og i forhold til andre fag, slo han fast.

Skirbekk etterlyste større merksemd rundt det nasjonale i norskfaget

– Vi kvir oss for å vektleggje det norske og det nasjonale. Men går det an å ha eit norskfag som ikkje er nasjonalt? Dette er kjerna i krisa som rir norskfaget, hevda Skirbekk.

– Sidemålet blir underkommunisert
Skirbekk var på linje med Sørbø i korleis ein bør argumentere for nynorsken sin eksistens ut frå eit mål om danning, og såg ein klar samanheng mellom eit alt for omfattande og utflytande norskfag og intensjonen om å kutte ned på sidemålet.

– Når den historiske og kulturelle forståinga av faget er såpass haltande og uklar, seier det seg sjølv at poenget med sidemålet blir underkommunisert, til dømes som eit spørsmål om allmenn lingvisisk kompetanse, og ikkje ut frå dei historiske læringsprosessane som har forma landet og som alle bør kjenne til for å forstå "kor ein er", sa Skirbekk.

– Ikkje eit seriøst fag utan eksamen
Som fleire på nynorskkonferansen, meinte Skirbekk at ein måtte sjå på nynorsk og bokmål som to ulike språk som treng like mykje vern, mot til døme engelsk. Han ytra sterk motstand mot dei som trudde ein kunne lære meir nynorsk ved å kutte ned på undervising og eksamensvurdering.

– Eit fag utan eksamen, i eit utdanningssystem basert på eksamen, er ikkje eit seriøst fag. På sikt vil eit slikt fag forvitre, argumenterte Skirbekk.

LES OGSÅ: Skifta hovudmål med tungt sinn

Fire viktige grep
Professoren kom med fire punkt for eit betre norskfag, mynta på politikarane:

– I eit skuleverk som skal omfatte alle, må ein skilje mellom minstemål og ønskemål, innføre felles kjernestoff og kvalitetssikre lærestoffet. Alle bør lære både nynorsk og bokmål, ikkje minst av historiske og geografiske grunnar.  Lærarutdanninga og arbeidssituasjonen til lærarane må kvalitetssikrast og justerast ut frå det at dei underviser i to skriftspråk, heldt han fram.

– Til slutt må norskfaget samordnast betre med nærliggjande fag, slik som historie og samfunnsfag, slik at dei som avsluttar vidaregåande skule har kjennskap til dei historiske læringsprosessane som har forma dagens norske samfunn, avslutta Skirbekk.