– Eliten pyntar seg med nynorsk

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vidar Kvalshaug er tospråkleg bokmeldar og kommentator i Aftenposten. Han kjem opphaveleg frå nordvestlandet, og nyttar av og til høvet til å presse inn litt nynorsk i bokmålsavisa.

Pyntar seg med nynorsken
Han meiner at nynorsk representerer eit slags makt- og hipsterspråk for den intellektuelle eliten i hovudstaden.

– I Oslo flottar eliten seg med nynorsk. Det gir folk følelsen av å vere ein del av eit motstraumsprosjekt, noko ein har sakna sidan punken, seier Kvalshaug.

Kvalshaug, som var ein del av programmet til Nynorskkonferansen, trur at fleire og fleire maktpersonar tek i bruk nynorsken fordi den signaliserer danning, høgt utdanningsnivå og intellektuell makt.

– Vi er mange som pynter oss med "fjør", og ikkje "fjær". Dette trur eg er fordi nynorsk er eit maktspråk, seier Kvalshaug.

Han meiner nynorsken er delvis avhengig av ein slik "by-elite".

– Redninga for nynorsken ligg også i byen. Så får nynorskfolk heller innfinne seg med at "feil folk" gjer dei rette tinga, smiler Kvalshaug.

LES OGSÅ: "Avisa nynorsk" er størst

Paradoksalt
Professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda støttar Kvalshaug i at nynorsk i nokre samanhengar kan oppfattast som eit elitespråk.

– Det er noko ein ikkje gjerne tenker på, at nynorsk også er eit elitespråk, meiner han.

– Som elitespråk blir nynorsken paradoksalt nok ein slags "Latin", som berre dei høgt danna kan eller likar, meiner Sørbø.

– Men ser ein på nynorskens sjølvforståing, så har nynorsken alltid vore forbunde med eit undertrykt sjikt i samfunnet, legg han til.

LES FLEIRE SAKER OM NYNORSKEN HER!

Er du einig med Kvalshaug? Er nynorsken eit språk for eliten?