Lærarfaget får etiske retningslinjer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsforbundet vedtok torsdag Noregs første etiske plattform for lærarar og førskoletilsette, og for å markere at «Lærerprofesjonens etiske plattform» er ferdig formulert, fekk kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) eit innramma eksemplar av dokumentet.

– Dette er eit konkret uttrykk for våre felles, grunnleggjande verdiar, vårt moralske ansvar og våre etiske forpliktingar, seier forbundsleiar Mimi Bjerkestrand til NTB. Ho strekar under at plattforma ikkje gir alle svara, men kan fungere som eit grunnlag for å komme fram til kloke svar for den enkelte situasjon. Nokre skular og barnehagar har i dag ein etablert praksis utan at nokon på lenge har stilt spørsmål om dette er rett framgangsmåte.

– Her ønskjer vi ein intern debatt, og ei etisk plattform kan bli eit godt utgangspunkt, ei rettesnor for ein slik dialog, med rom for ulike synspunkt, seier Bjerkestrand.

LES OGSÅ: Vil sile ut dårlege lærarar

Velkomme
Rektor Øyvind Sørreime ved Skeie barneskole i Stavanger jobbar dagleg med etiske spørsmål på alle plan. Han kategoriserer utfordringane i fire grupper:

– Det er viktig å byggje opp og ta vare på den gode relasjonen mellom lærar og elev. Vidare legg vi vekt på fagleg integritet, med meir vekt på forskingsbasert kunnskap enn politikk. Mange av spørsmåla vi arbeider med er relatert til arbeidet mot mobbing og trakassering elevar imellom. Sist, men ikkje minst, ønskjer vi å sikre ein open kanal til foreldra, seier han. Sjølv om dei allereie arbeider mykje med dei etiske problemstillingane, meiner Sørreime det er fint at ei felles etisk plattform kjem på plass.

– Den samlar og er retningsgjevande for alle over heile landet.Det er også ei viktig påminning om at når ein arbeider så tett med barn, må ein trå varsamt. Det er heile tida omsynet til barna som er det viktigaste.

LES OGSÅ: Treng flinke lærarar

Utfordringane
Sjølv om ei etisk plattform no er vedteken står det att å få den presentert og innarbeidd i skular og barnehagar. Korleis det skal skje, vil mellom anna bli tatt opp på Utdanningsforbundets landsmøte i byrjinga av november.

– Vi er budd på at dette kan ta lang tid. Ein svært viktig del av det er å få med oss dei andre fagorganisasjonane og, og ikkje minst lærar- og førskuleutdanningane. Vi vil at denne profesjonsetiske plattforma skal hjelpe lærarar til å stå sterkare rusta frå dag ein, og vi vil at det skal bli meir refleksjon på skulane og i barnehagane rundt eigen praksis, og vi vil at lærarar skal bli tydelegare og tryggare på sitt eige profesjonelle skjønn.

Utdanningsforbundet håper å få med seg utdanningsinstitusjonane når den profesjonsetiske plattforma skal bli sett ut i livet. For å gi dette arbeidet tyngde, vil forbundet ha draghjelp frå departementet og kunnskapsministeren.

– Kristin Halvorsen er øvste ansvarleg for lærarutdanninga, og skal dette få noko kraft må lærarutdanningane vere med. For at plattforma skal bli brukt, treng vi også engasjement frå alle lærarane i landet og leiarane i barnehage og skule. Utan dette vil plattforma vere verdilaus, seier Bjerkestrand.

LES OGSÅ: Barnehagebarn synest dei vaksne er for travle

Fakta om læraryrkets etiske plattform

– Ei revidert og oppdatert utgåve av det som tidlegare heitte profesjonsetisk plattform, vedtatt av Utdanningsforbundet 25. oktober 2012

– Samanfattar eit felles verdigrunnlag for alle som arbeider i skule og barnehage

– Har som mål å heve den etiske bevisstgjeringa og tilliten mellom profesjonen og samfunnet.

– Med utgangspunkt i verdigrunnlaget skal lærarar i skular og barnehagar i større grad kunne stå for og grunngje vala dei tar. (Kilde: Utdanningsforbundet)

Fakta om etiske utfordringar for lærarar
Utdanningsforbundet har ei eiga debattside, der lærarar kan diskutere situasjonar i jobbkvardagen:

– Korleis skal vi handtere sosiale skilnader mellom barna?

– Korleis skal vi gripe inn når respekterte arbeidskameratar mobbar elevar?

– Når og korleis gripe inn ved endring i åtferd hos eit barn?

– Er det akseptabelt å gruppere barn etter meistringsnivå?

– Korleis fordele arbeidstida på ulike oppgåver?

– Kryssande forventningar frå skulen og familiane – kva skal vege tyngst?

– Korleis skal ein stelle seg til reklamefinansiert gratismateriell som blir delt ut?

– Er det greitt for lærarar å vere venner med elevar på Facebook?

– Skal skulen blande seg opp i feiring av bursdagar?

Faktaboks