Påskeknepet

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den endelege avgjerda om sidemålet og læreplanen i norsk skal kunnskapsministeren fatta «rundt påsketider». Det kunne statssekretær Elisabet Dahle fortelja då ho vitja Norsk Målungdoms haustkonferanse no i helga. Og det gjer meg frykteleg skeptisk.

Påskeknepet er nemleg eit fast rituale i norsk politikk. I år etter år, under regjering etter regjering, har kontroversielle saker vorte offentleggjorde siste fredag før påske. Gjerne etter lunsj, når nyhende og debatt druknar i utfart og trafikkork.

Det utspekulerte med denne metoden er at dei kontroversielle sakene mister nyhendeverdien i løpet av dei ti-tolv dagane folk er på ferie. Jamvel om saka i seg sjølv er av interesse for mange, vil få journalistar bruka tid på ei sak som var fersk for halvanna veke sidan. Lufta går ut av saka medan folk, politikarar og journalistar er bortreiste. Såleis slepp dei ansvarlege unna med kva det måtte vera.

Nettopp difor er tidsskjemaet frå Kunnskapsdepartementet lite tillitvekkjande. Kristin Halvorsen kan insistera så mykje ho vil på at ho ikkje skal bestemma seg før høyringsrunden, men me må spørja: Kva seier det eigentleg om planane hennar, dersom ho allereie no ser at utfallet vil verta så kontroversielt at det må annonserast «rundt påsketider»?

Eg har sjølvsagt eit lite håp om at «rundt påsketider» tyder etter påske. Men ville ikkje ein dreven statsråd sagt «etter påske», dersom det var det ho meinte? Ville ikkje ein dreven statsråd faktisk venta til etter påske, dersom ho hadde gode nyhende å leggja fram?

Med alt dette sagt, så kom det ikkje berre dårleg nytt i helga. Tvert om – på laurdag kom nemleg gladmeldinga om at AUF har snudd i sidemålssaka. Der dei før meinte at «eksamen/tentamen og egen karakter i sidemål bør avskaffes», har dei no gått inn for eigen standpunktkarakter, framleis trekkeksamen, og at sidemålet må tidlegare inn i grunnskulen.

Dette gjev i det minste håp om to ting. For det fyrste legg det eit langt større press på Halvorsen enn kva som kanskje var forventa frå dei unge regjeringskameratane. For det andre viser vedtaket at det er fullt mogleg å fylgja fjellvettregelen om å snu i tide, også for politikarar.

Nett no er det vanskeleg å seia kva Halvorsen til slutt vil gjera. Påskeknepet verkar kanskje forlokkande fordi det fungerer på teflonhjernar i medie- og politikkverda, men eitt kan eg i alle fall lova: Det bit ikkje på oss. Me som bryr oss om nynorskens ve og vel kjem ikkje til å gløyma noko som helst på ein skarve påskeferie. Kva kunnskapsministeren avgjer «rundt påsketider» kjem såleis til å sitja svært friskt i minne til langt etter at valkampen er over. Berre så det er sagt.

 

Følg debatten som sidemål og norskfaget her!