– Lytt til AUF, Kristin Halvorsen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga vedtok landsmøtet i AUF med stort fleirtal at dei ynskjer eigen karakter i sidemål. Etter vedtaket braut det ut ståande applaus i landsmøtesalen.

– Vi er svært glade for vedtaket i AUF. Ein eigen karakter er avgjerande for å unngå svekking av sidemålsopplæringa, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Med dette vedtaket sender AUF eit sterkt signal til Arbeidarpartiet om at ungdomen ynskjer å styrkje nynorsken både som hovudmål og sidemål, ikkje svekkje faget ved å slå saman karakterar, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

AUF viser mellom anna til korleis karakterar styrer undervisninga og at dersom karakteren i sidemål fell bort, vil det svært sannsynleg føre til mindre og dårlegare sidemålsundervisning. Dei er også tydelege på at dei ynskjer meir tid til grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter i begge målformer, og tidlegare start med sidemål.

LES OGSÅ: SV-gruppe skal styrkja nynorsken

AUF har med dette snudd i synet på eigen karakter i sidemål. Dei har før meint at sidemål skulle vere ein integrert del av norskfaget, men at eigen eksamen/tentamen og karakter i sidemålet burde avskaffast.

– Landsmøtevedtaket er også eit viktig signal til Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med norskfaget. Om ikkje lenge vert det sendt ut høyringsframlegg om revidert læreplan i norsk, der vurderingsformene er sentrale. Vi vonar Kristin Halvorsen lyttar til AUF og held fast på eigen karakter i sidemålet, seier Håvard B. Øvregård.

Følg sidemålsdebatten på Framtida.no!