Uroa for kokkefaget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekrutteringa til kokkefaget har lenge vore dalande over heile landet, også i Sogn.

Den siste tida har det pågått ein debatt om dårleg rekruttering til kokkefaget i media. Fleire faglærarar legg skulda på ulike kokkeprogram på tv, som dei meiner skremmer vekk elevane frå kokkelinjene.

Få elevar
Også i Sogn og Fjordane merkast nedgongen.

– Der er dårleg rekruttering over heilt fjøla, både på Luster vidaregåande skule og dei tre andre skulane som tilbyr programfaget restaurant og matfag. På skulen vår har me ein førsteklasse og ein andreklasse, med høvesvis tretten og ni elevar, seier Alfred Haukeland ved Luster vidaregåande skule.

Han seier dei eigentleg kunne hatt paralellklassar på begge trinna.

– Det at me nesten ikkje klarar å fylla nok elevar i klassane, er litt bekymringsverdig med tanke på framtida til kokkefaget.

LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga

Ikkje ei myte
Maria Næss, kokken frå Luster, som var med i programmet Hellstrøms mesterkokker, kjenner seg att i lange arbeidsdagar.

– Det er ingen myte at det er lange arbeidsdagar. Når ein er ung og ny i bransjen, brenn ein sopass mykje for yrket at det går fint. Men det vert vanskelegare å jobba 20 timars dagar når ein skal byrja å stifta familie, seier Næss.

Ho etterlyser betre tids- og lønsordningar i kokkebransjen.

– Det hadde kanskje fått fleire til å velja yrket. Eg er heldig og har ein sju til tre-jobb, og eg har inntrykk av at ein del arbeidsplassar har vorte flinkare til å tilpassa seg etter dei tilsette no enn før. I tillegg til at ein bør få ei betre ordning med tanke på arbeidstid og løn, tenkjer eg også at ein må reklamera meir for kokkefaget og kanskje endra læreplanane for faget frå sentralt hald. Eg tenkjer at myndigheitene i større grad burde vera i kontakt med kokkar når ein lagar desse planane. Dei veit kva kunnskapar som er viktige i yrket.

– Media påverkar
Haukeland trur, i likskap med fleire av faglærarane som har uttalt seg den siste tida, at media også kan ha noko påverknad på ungdomane.

– Nokre av kokkeprogramma som vert viste gjev eit positivt bilete av yrket, medan andre berre viser stress og sure kokkar. Det er klart at yrket er stressande, men det som vert vist på tv samsvarar ikkje alltid med korleis yrket er i verkelegheita. Det er også stor forskjell på å vera kokk i ein restaurant og på ein institusjon.

Trigga matinteressa
Næss trur på si side at media ikkje har skuld i rekrutteringsnedgongen.

– Før eg vart kokk, syns eg kokkeprogramma var med å trigga matinteressa mi. Eg syns heller ikkje programma på tv nødvendigvis speglar korleis det faktisk er å jobba som kokk, mykje er berre tv.

Ein som fleire har gjeve skulda for skremma vekk ungdomen frå kokkelinjene, er Eyvind Hellstrøm.

Næss er ueinig i denne kritikken.

– Eg har fått mykje meir respekt for Hellstrøm som kokk, etter at han starta opp med tv-programma sine, og synest ikkje han fortener den kritikken han har fått. Han har mykje kunnskap og gjennom program som «Hellstrøm rydder opp» hjelper han også mange.

LES OGSÅ: Vel studium som ikkje gjev jobb

Tøft for restaurantar
Haukeland seier vidare at den dårlege rekrutteringa også fører til at det vert vanskelegare for restaurantane å få tak i kokkar.

– Fleire restaurantar og hotell i fylket må leiga inn utanlandske kokkar til kjøkena sine. Dette skuldast nok både økonomi, og at det ikkje finst norske kokkar å få tak i.

Jobbar systematisk
Trass i nedgang gjennom fleire år, håpar Haukeland no at den negative trenden vil snu. Det har starta eit utval i fylkeskommunen, med representantar frå alle dei fire matfag-skulane. Målet er å snu trenden.

– Det er viktig å få fram at dette er eit spennande yrke, som det også er gode jobbmoglegheiter i, seier Haukeland.

LES MEIR OM YRKESVAL!

– Spennande yrke
Næss er einig i at yrket hennar er spennande.

– Det er eit veldig kjekt yrke, med eit heilt eige arbeidsmiljø. Å ha kunnskap om mat er også ein heilt uvurderleg eigenskap, som ein kan læra frå seg vidare. I tillegg må ein ikkje nødvendigvis jobba som kokk fram til ein vert pensjonist, fordi ein vel dette yrket. Når ein først kjem inn i bransjen, finst det mange moglege jobbar.

LES SAKA I SOGN AVIS!