Kravet om å lykkast både i jobb og på privaten kan fort bli for mykje for mange unge arbeidstakarar.

NPK
NPK

Nye tal frå Nav viser at legemeldt sjukefråver knytt til psykiske lidingar har auka med 20 prosent frå 2000 til 2011.

Mange av dei som er vekke på grunn av slike problem er unge menn og kvinner, skriv NRK Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Løgn påverkar helsa

Halvparten med psykiske plager
I Sogn og Fjordane er situasjonen no slik at så mykje som halvparten av sjukefråveret kjem av psykiske plager, og mest vanleg er det at folk er deprimerte.

Stig Berge Matthiesen er professor i samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen. Han trur auken kan ha samanheng med at arbeidslivet er blitt meir krevjande og utfordrande enn før.

At det er spesielt mange unge som opplever «å gå på veggen» trur Berge Matthiesen kan kome av at kravet om å vere vellukka både i jobb og på privaten kan bli for mykje for mange.

– Det kan ha samanheng med at mange unge er i etableringsfasen, der dei har krevjande forpliktingar på forskjellige arenaer, seier Berge Matthiesen.

LES OGSÅ: På verdstoppen i sjølvmord

– Kjenner ikkje eigne grenser
Han trur i tillegg at mange unge ikkje kjenner sine eigne grenser og bit over for mykje på same tid.

– Unge kjenner seg sjølve i mindre grad enn det eldre gjer. Dei er ivrige og vil vise kva dei duger til. Unge tenkjer kanskje at dei skal klare alt, seier han til NRK Sogn og Fjordane. (©NPK)

Har arbeidslivet blitt for tøft og krevjande?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE