– Tamt budsjett for nynorsken
Men Noregs Mållag er godt nøgd med at staten tek økonomisk ansvar for ei solid markering av Språkåret 2013.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Språkåret er ei nasjonal feiring av språkmangfaldet i Noreg, samstundes som det markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Som Framtida.no har skrive før får det til saman eit tilskot på 6,5 millionar kroner.
– No ligg alt til rette for ei anstendig feiring av både eldre og nyare delar av det norske språkmangfaldet, og det er eit godt høve til å setja søkjelys på språkpolitiske spørsmål, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.
Øvregård er ikkje like nøgd med tilskotet for 2013 til andre nynorskinstitusjonar.
– Norsk Ordbok, Det Norske Teatret, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk Pressekontor driv viktige prosjekt som er knytte til jubilea i 2013 og 2014 eller som er viktige for å nå sentrale mål i den statlege språkpolitikken. Eit samla lyft på mange felt ville ha vore det optimale for å nå dei ambisiøse måla. Særleg uheldig er det at støtta til Norsk Ordbok sviktar i innspurten. Etter ei tung satsing over fleire år for å koma i hamn til grunnlovsjubileet, er det uforståeleg at Kulturdepartementet no spenner bein under framdrifta for å spara ein halv million, seier Øvregård.
Fleire lokale tiltak
I budsjettet er det ei tydeleg styrking av prosjektmidlar til tiltak som bidreg til å nå måla i grunnopplæringa, og midlane skal gå til frivillige organisasjonar.
– Vi vonar dei velutvikla planane våre for å styrkja lesing av nynorsk litteratur i grunnskulen og arbeidet vårt for å hindra målbyte frå nynorsk til bokmål er to viktige prosjekt som kan få støtte her, seier Øvregård.
Vidare vekst for Hauge-senteret
Løyvinga til Nynorsk kultursentrum gir rom for auka driftsmidlar til Olav H. Hauge-senteret.
– Følgjer Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad opp sine løyvingar, kan vi truleg tilsetje den fjerde og siste medarbeidaren ved Hauge-senteret hausten 2013, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
– Diverre manglar statsbudsjettet investeringsmidlar til basisutstilling i Hauge-senteret. Målet er å opne i mai 2014, men først må vi skaffe pengane, seier Grepstad.
Allkunne held fram
Regjeringa fører vidare den årlege løyvinga til Allkunne AS. I sommar tok Nynorsk kultursentrum over som eineeigar av selskapet og svarar dermed også for denne løyvinga.
– Allkunne skal gi skulen og allmenta godt stoff på nynorsk på Internett. Løyvinga set oss i stand til å halde fram med dette viktige prosjektet til glede for jamt fleire brukarar på nett og mobil, seier dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Allkunne AS.