Norske universitet gjer det mykje dårlegare enn både danske og svenske på ei ny rangering av universiteta i verda.

NPK-NTB
NPK-NTB

Ingen norske universitet kjem inn blant dei 200 beste i verda på den årlege rankinga «Times Higher Education», skriv nettavisa til Universitetet i Oslo, Uniforum.

I fjor var det nettopp Universitetet i Oslo (UiO) som var best av dei norske på 181. plass. UiO er framleis best i landet, men har no falle ned til 202. plass. Universitetet i Bergen ligg som nummer 228, NTNU i Trondheim som nummer 251 og Universitetet i Tromsø heilt nede på 301. plass.

Dårlegast i Norden
Dei norske utdanningsinstitusjonane kjem også til kort i samanlikning med nabolanda våre: Karolinska Institutet i Sverige ligg heilt oppe på 42. plass, Lunds Universitet ligg som nummer 82, og Uppsala Universitet på 106. plass.

Både universitet i Finland, Danmark og Island kjem før dei norske på lista.

Rankinga måler kvaliteten på blant anna innovasjonsgrada, læringsmiljøet, forskingsresultat og grada av internasjonalisering.

Leiar Øyvind Berdal i Norsk Studentorganisasjon (NSO) er ikkje nemneverdig bekymra for den dårlege rangeringa.

– NSO er negative til slike rankingar fordi vi meiner dei kvantitative måla slike undersøkingar baserer seg på, ikkje gir eit fullverdig inntrykk av studiekvalitet, seier han til NTB.

– Springe fortare
UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner at rangeringa ikkje viser at UiO har vorte så mykje dårlegare, men at andre universitet har vorte mykje betre.

– Noreg har løyvd meir pengar til forsking og utvikling dei seinaste åra, men rangeringa viser at det ikkje er nok å springe fortare. Vi må springe minst like fort som dei andre, seier han til Dagens Næringsliv.

Det beste universitet i verda er ifølgje rangeringa California Institute of Technology i USA, medan Oxford i Storbritannia og Stanford i USA deler andreplassen føre Harvard. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

Kommentarar

ANNONSE