Elevrådsleiar reagerer, og meiner den nye nettsida er unødvendig.

Anita Haugland, Sunnhordland
Anita Haugland, Sunnhordland

– Eg har fått med meg at det er oppretta ei slik side. Eg tykkjer det blir veldig feil. Lærarane kan ikkje gjera karakterane våre offentlege, så kvifor skal elevane kunne gje ei offentleg vurdering av lærarane, seier elevrådsleiar Kenneth Haneboe-Hemsley ved Stord vidaregåande skule.

Grunnen til at han er imot, er fordi han føler at ei slik open evaluering kan framprovosera nettmobbing.

– Eg vil tru slike evalueringar på ei open nettside vil gå meir på person enn innhaldet i skulen, seier elevrådsleiaren.

LES OGSÅ: – Elevar finn ueigna lærarar

Han har ikkje tenkt å leggja inn kommentarar om sine eigne lærarar.

– Eg ser ingen vits med ei slik side. Me har allereie lærarevaluering via dataprogrammet Itslearning som fylket tek seg av, seier Haneboe-Hemsley.

Då Sunnhordland var inne på minlarar.no, var det sju lærarar ved Stord vidaregåande skule som stod på lista over lærarar som kan vurderast. Hans Simon Dahle er ein av dei.

– Eg er skeptisk til ei slik side. Vurderingar av lærarar bør skje ved kvar enkelt skule, seier Dahle, som slutta som lærar ved Stord vidaregåande i vår.

Les heile saka i Sunnhordland!

Slik ser skjemaet ut, der du kan gå inn å evaluera kvar enkelt lærar på minlarer.no. Det er også høve til å leggja inn nye namn på lærarar. SKJERMDROPP AV NETTSIDA

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

Kommentarar

ANNONSE