– Können Sie schon was sagen?

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg og Tyskland har mange samarbeid, både av kulturell og økonomisk art. Samstundes studerer stadig færre nordmenn tysk, og universiteta i Noreg skjer ned på tilbodet og talet på undervisningstilsette. Det er òg langt færre nordmenn som studerar i Tyskland no enn for 20 år sidan: I dag er det om lag 200 studentar som tek ein heil akademisk grad i Tyskland, mot 1000 studentar i 1992, viser tal som Språkrådet opererer med.

– Vi bør prioritere engelskopplæring
Daniel Nygård er ein av dei 200 som studerar på ein grad i Tyskland, der han les seg opp på Statsvitskap ved Universitetet i Mannheim. I ein kronikk på Studentmeninger.no meiner han at den skuleringa nordmenn får i tysk som tredjespråk på ungdomsskulen og vidaregåande, knapt held til å bestille seg mat i Tyskland. Han meiner ein bør satse på å gi nokre få personar spesialkompetanse i språket, heller enn å gi alle elevar dugleikar på lågaste nivå:

– Dei fleste vil heilt fint klare seg med engelsk både i yrkeslivet og privat. Det er ikkje lenger slik at unge tyskarar og franskmenn ikkje snakkar engelsk, tvert imot blir kunnskapane betre og betre. I staden for fleire timar i veka med fransk og tysk, bør vi prioritere engelskopplæring, skriv Nygård.

LES OGSÅ: Arbeidsgjevarar slit med å tilsette høgt nok kvalifiserte folk.

Tysklandsstudenten opplevde sjølv at dei kunnskapane han hadde etter fem års opplæring ikkje dugde til noko som helst då han skulle studere i utlandet:

– Då eg flytta til Tyskland for å studere for tre månader sidan, vart eg plassert på nest lågaste nivået på det førebuande språkkurset – trass i at eg hadde fem år med tyskundervising frå skulen. Det fekk meg til å innsjå kor feilslått den norske satsinga på framandspråk er, seier Nygård i kronikken. 

Frå i år av vil elevar på vidaregåande få ekstrapoeng ved opptak til høgrare utdanning viss dei fordjupar seg i andre framandspråk enn engelsk. Nygård hevdar det ein lærer på vidaregåande ikkje er godt nok, slik situasjonen er i dag. 

– Noreg har ikkje råd til å kaste bort skuletimar frå ein avgrensa timeplan for at vi skal sjarmere dei innfødde med innøvde gloser på ferietur i Europa, hevdar han på Studentmeninger.no.

LES OGSÅ: Ingen fare for Erasmus-studentar

– Aukande interesse, ikkje minst i næringslivet
Kristian Janns er for tida åleine om å undervise i tysk litteratur på Universitetet i Oslo, etter nedskjæringar den siste tida. Han meiner behovet for god tyskkompetanse i næringsliv og ellers i samfunnet likevel går hand i hand, og at tyskarar og nord­menn har eit felles mål når det gjeld kulturell ut­veksling og økonomisk samarbeid.

– Vi tilfredsstiller mange behov ved å undervise i tysk på skolen og universite­tet. Eg merkar med glede aukande interesse og entusiasme blant studentane mine og også i samfunnet elles, ikkje minst i næringslivet, seier han i ein artikkel i nyaste Språknytt.

Janns er samd i at engelsk er eit brukande internasjonalt språk, men held fram at det  for mange kan vere strategisk lurt å kunne tysk viss ein skal omgåast små bedrifter:
 
– Engelsk fungerer nok godt som ar­beidsspråk for begge partar i dei større internasjonale bedriftene, men i mindre bedrifter er det heilt nødvendig å kunne tysk, til dømes når tekniske spesialistar frå tyske bedrifter kjem for å løyse pro­blem med utstyr dei har levert til Noreg.  
 
 
– Dårlege språkkunnskapar reflekte­rer eit lågt kulturelt nivå
Men det er ikkje berre ut frå eit bedriftsperspektiv Janns meiner alle og einkvar bør ha gode tyskkunnskapar på høgste nivå: 
 
– Vi må halde kultursambandet le­vande, for språket er berar av kulturen og tenkjemåten. Det forklarer noko om oss sjølv og om banda våre til kontinen­tet. Dårlege språkkunnskapar reflekte­rer eit lågt kulturelt nivå, for å seie det litt brutalt. Ein får sjølvsagt ikkje eit fullgodt bilete av Tyskland ved å lese berre Kafka. Samtidig er det umogleg å tenkje seg tysk kultur utan Kafka og andre store forfattarnamn, seier Janns.