– Kan du vera ein nynorsk superhelt?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorske superheltar?

KRONIKK: «Nynorsk er et utdøende språk, og det må vi hjelpe til å drepe», sa ein elev ved Fagerborg vidaregående skole i vinter, i eit TV-innslag om framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å redusera sidemålsopplæringa.

Som grunngjeving for eit nyleg framlegg om å fjerna eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen, seier minister Trond Giske frå Arbeidarpartiet: «Vi får vere så ærleg å seie at mange elevar ser på nynorsk som ei plage, og det er veldig uheldig».

Mellom elevar ved Valdres vgs som byter frå nynorsk til bokmål, er det ein del som oppgjev som årsak at dei er usikre på om nynorsk kjem til å finnast i framtida. Kvar kan dei ha fått det frå?

Eg kunne ha spurt om Trond Giske tenkte på at det er nokon som har nynorsk som sitt språk og som skriv det til dagleg, og korleis det kjennest for dei at språkmobbarane her vert gjeve ryggdekning av ministeren. Sjølv om det er ei attgjeving av ein del av røynda å seia at mange elevar ser på nynorsk som ei plage, er det eit ganske spesielt utsnitt å leggja til grunn for skulepolitikken. Det er også ei attforteljing av røynda som låner ministerrøysta til ei bestemt gruppe av elevar og som gjer andre tause. For kva svarer du når ministeren seier at mange elevar ser på språket du brukar som ei plage? «Eeh..»?

Ut med
På 1950-talet motarbeidde Riksmålsforbundet systematisk styresmaktene sin språkpolitikk om obligatorisk opplæring i nynorsk. Plakaten er ein del av ei slik kampanje. Foto: Flickr / CC.
 

Slik er det, trur eg: Framlegget Giske frontar er ikkje laga med tanke på dei som skriv nynorsk til vanleg, men dei som skriv bokmål, og spesielt den delen av dei bokmålsskrivande som samstundes ser på nynorsk som ei plage. Eg veit ikkje kor stor den delen er, men han vert nok ikkje mindre av utspelet til Giske.

Heller enn å spørja Giske kva han tenkte på, vil eg koma med ei etterlysing. I motsetnad til dei av bokmålselevane som vert plaga av sidemålet, har ikkje dei som skriv nynorsk til vanleg nokon offentleg storebror eller superhelt som klappar dei på skuldra og seier «Hei, dette går bra. Du treng ikkje vera flau over sånn du skriv eller snakkar, du er bra nok, det er ok at ikkje alle skriv likt». Dei som har fått ansvar for å forvalta framtida til nynorsken i skulen seier ikkje det. Dei legg andletet i alvorlege faldar og seier «mange ser nynorsk som ei plage» (Giske), «I mange deler av landet synes det å være utbredte negative holdninger til nynorsk som sidemål» (Halvorsen).

På barne-tv er det alltid slik at når det ser som mørkast ut, og konformiteten eller dei kule i klassen held på å knekkja helten vår, så er det alltid nokon som dukkar opp og seier «hei, dette går bra», eller «eg skal stå der med deg»: som Lena i Vaffelhjarte og den mystiske Willy Nilsen som ordnar opp i Dumpa borettslag. Emil har Alfred, Kavring har Jonatan. Og når ein vert større: Hugh Grant som vert med naboguten opp på scena framfor heile skulen og framfører Killing Me Softly (ultrapinleg!) i filmen About a boy, eller vampyren Eli i Låt den rette komma inn.

Ved skulestart vart ein nynorskelev på Polarsirkelen vgs møtt av norsklæraren med: «Det er vel ingen her som er så dumme at de har nynorsk som hovedmål», fortel NRK Nordland.

Eg veit ikkje heilt korleis ein svarer på slikt, men eg skjønar det er eit spørsmål som svir. Og eg såg at det ikkje kom springande ein minister-superhelt som vil vera elevane sin beste ven denne gongen.

Så difor: Kjære lesar, sidan du sannsynlegvis er ein person som er i stand til å gjera ein skilnad anten i ålmenta eller i kvardagen eller båe deler: Kan du vera ein nynorsk superhelt, storebror eller storesyster? Kan du vera ein av dei som torer å stå ved sidan av nynorskelevane og seia at dette greier du, det er ikkje noko i vegen med deg eller språket ditt? 

Teksten stod først på trykk i Klassekampen sist laurdag, og sidan på Kløve Juuhl sin blogghttp://gudrunkj.wordpress.com