Forbyr omvending av homofile

California forbyr behandlingsopplegg retta mot å "omvende" unge homofile. Bård Nylund i LLH meiner slik behandling òg går føre seg i Noreg.

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forbod mot homo-terapi

Søndag skreiv guvernøren i California, Jerry Brown, under på ei lov som skal gjere det forbode for statslisensierte terapeutar å involvere seg i behandlingsformer som tek sikte på å gjere skeive personar under 18 år streite.

Det er med bakgrunn i at medisinsk og psykologisk forsking har avvist effekten av slike typar behandling eller terapi, at California sist søndag vart den første staten i USA til å forby slik verksemd.

– Lova forbyr uvitskaplege «terapiformer», som har leia unge menneske inn i depresjon og sjølvmord. Desse behandlingane har inga basis i forsking eller medisin og vil no bli forkasta som kvakksalveri, sa guvernør Jerry Brown i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Kom skeivt ut

– Progressivt
I USA har lova blitt møtt med negative reaksjonar i dei breie, kristenkonservative miljøa, og også blant religiøst motiverte forskarar og journalistar.

Bård Nylund er leiar i LLH, Landsorganisasjonen for LLH – Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner. Han ønskjer lova velkomen:

– Det er progressivt av californiske styresmakter å gå inn for ei slik lov. Det er eit tydeleg signal til innbyggjarane om kva ein tykkjer om den type behandling, seier han.

Nylund meiner det uansett er lite truleg at lova kjem til å få bein å gå på ut over staten California.

– Eg er nok usikker på om det vil spreie seg til heile USA. Ein skal hugse på at det er fleire statar som er mykje meir konservative i desse spørsmåla enn California, minner han om.

LES OGSÅ: Åtvara homofile mot å vise kjærleiken sin ope under finalen i European Song Contest

– Religiøse miljø har ein lang veg å gå i Noreg
Som leiar for LLH arbeider Nylund for likestilling og mot alle former for diskriminering i Noreg. Han trur vi framleis har ein lang veg å gå her til lands:

– Me er kjende med at det også i Noreg vert tilbydd slik behandling, men eg er usikker på omfanget, seier han.

– Alle dei tilfella eg har høyrd om er knytt til religiøse grupper eller organisasjonar. Så vidt eg veit er det ikkje noka lov mot dette i Noreg, men me i LLH vil nok sjå på kva som eventuelt kan gjerast for å få bukt med den type "terapi" også her til lands, legg han til.

LES OGSÅ: Den usynlege minoriteten

I USA kjem diskriminerande haldningar mot lesbiske, homofile, bifile og transpersonar til syne i den konservative offentlegheita på dagleg basis. Nylund påpeikar at også religiøse miljø i Noreg treng betre haldningar og kunnskapar:

– Haldningsarbeid er alltid krevjande, men det er mogleg. Eg trur på kunnskapsauke i dei miljøa som har dårlegast haldningar til homofile og lesbiske. Der veit me at ulike religiøse miljø har ein lang veg å gå, avsluttar Nylund. 

LES OGSÅ: Skreiv skeiv roman om kvifor så mange flyttar frå Aust-Europa