Over halvparten har høgare utdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Canada tronar på toppen medan Norge er langt unna, kjem det fram i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) sin utviklingsrapprt for 2012, og avisa 24/7 Wall Street.

1. CANADA
Prosentdel med høgare utdanning: 51 %

Canada har trona på utdanningstoppen lenge, og var òg ved årtusenskiftet verdas best utdanna land. Canada er det einaste landet der over halvparten av dei vaksne har høgare utdanning, trass i at landet bruker lite pengar på utdanning generelt. I 2009 gjekk kun seks prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) på utdanning. Til gjengjeld går mykje av den delen til høgare utdanning, berre USA og Sør-Korea bruker ein større del.

2. ISRAEL
Prosentdel med høgare utdanning: 46 %

Israel er svært flinke på utdanning av unge, og 98 % fullfører vidaregåande opplæring. Trass i politisk uro og ei lang historie med krigføring, har Israel prestert å utdanne nesten halvparten av sine vaksne, og brukte i 2009 sju prosent av BNP på utdanning.

3. JAPAN:
Prosentdel med høgare utdanning: 45 %

Under to prosent av BNP vart brukt på høgare utdanning i 2009, likevel er Japan heilt i verdstoppen på utdanning. Men alt er ikkje berre fryd og gammen i Japan, sidan mange akademikarar slit med å skaffe seg jobb. Heile 15 prosent av Japans nyutdanna akademikarar er arbeidsledige og har heller ikkje starta på nye studier.

4. USA
Prosentdel med høgare utdanning: 42 %

USA er av landa i verda som brukar aller mest på utdanning og er det landet i verda som brukar mest pengar på høgare utdanning av alle. Likevel strauk nesten ein fjerdedel av high school-studentane i landet i 2010.

5. NEW ZEALAND
Prosentdel med høgare utdanning: 42 % 

Sidan år 2000 har talet på newzealandarar med høgare utdanning auka frå 29 til 41 prosent. New Zealand har vore flinke til å trekkje til seg folk fra utlandet, og i 2010 var ein av seks studentar i New Zealand internasjonale.

6. SØR-KOREA
Prosentdel med høgare utdanning: 40 % 

Sør-Korea har hatt ei enorm vekst av utdanna sidan 2000. 24 prosent av Sør-Koreanarane hadde høgare utdanning ved årtusenskiftet, men no har altså dette auka til 40 prosent. Sør-Korea har investert tungt i utdanning dei siste åra, og kun Island har brukt ein større andel av BNP på utdanning dei siste åra.

7. STORBRITANNIA
Prosentdel med høgare utdanning: 38 % 

Storbritannia har lenge hatt gode tradisjonar og ettertrakta universitet både for britiske og internasjonale studentar. No har derimot studentane vorte tvungne til å betale mykje meir for studia enn før, og det spørst om britiske studentar har råd til å halde landsnivået på 28 prosent i åra framover.

8. FINLAND
Prosentdel med høgare utdanning: 38 % 

Finland har lenge hatt gode utdanningstradisjonar, men ein svak vekst av finnar med høgare utdanning siden 2000 har ført til at Finland mista plass i topp 5. Finland har uansett ein god garanti for å skaffe seg jobb etter at utdanninga er over. Arbeidsløysa er dobbelt så høg for innbyggjarar utan høgare utdanning i Finland.

9. AUSTRALIA
Prosentdel med høgare utdanning: 38 % 

Oseania er tydeligvis eit attraktivt land for utanlandske studentar, og over 21 prosent av studentmassa i landet er internasjonale studentar. Det er nest høgast i verda, berre slått av Luxembourg. Arbeidsløysa er òg her låg for dei med høgare utdanning, kun 2.8 prosent.

10. IRLAND
Prosentdel med høgare utdanning: 37 % 

Irland har hatt verdas største auke i innbyggjarar med høgare utdanning med ei årleg vekst på over sju prosent sidan 2000. I denne perioden har òg prosentdelen studentar med fullført vidaregåande utdanning auka frå 74 til 94 prosent. Spesielt for menn i den irske arbeidsmarknaden har utdanning vorte stadig viktigare. I 2010 var seks prosent av irske menn med høgare utdanning arbeidsledige, medan femten prosent utan høgare utdanning var arbeidsledige. 

Les saka i Universitas!

 

Omsett frå bokmål av Arnt Olav Foseide.