Vil forby blasfemi i FN

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil forby blasfemi

Også den mellomstatlege Organisasjonen for Islamsk Samarbeid, som har 57 medlemsland, gir støtte til framlegget om forbod mot blasfemi, som har kome i kjølvatnet av den siste tidas reaksjonar på provokasjonar mot Islam på youtube og i det franske satiremagasinet Charlie Hebdo.

Bør ikkje vere fritt fram
Tyrkia sit for tida med leiarskapet i Organisasjonen for Islamsk samarbeid, og den tyrkiske statsministeren Recep Tayyip Erdogan har uttalt seg i tydeleg språk om den siste tidas blasfemiske provokasjonar, noko han oppfattar som eit trugsmål for (ytrings)fridomen til muslimar:

– Ytringsfridom endar der andre sin ytringsfridom startar, sa Erdogan.

LES OGSÅ: Krev høgkommisær for ufødde

– Du kan ytre deg om di eiga tru og eigne overbevisingar, men du er nøydd å stoppe viss du trakkar over grensa til andre sin fridom, la han til, i ein artikkel i Turkish Weekly.

Frå Pakistan lyd det sameleis, og statsminister Raja Pervez Ashraf seier han vil slåss på alle diplomatiske frontar for å oppnå ei effektiv lovgjeving mot alle anti-islamske handlingar som skadar den harmoniske sameksistensen mellom tilhengjarar av ulike religionar:

– Vi vil gå til FN og Organisasjonen for Islamsk samarbeid for å få ei lov igjennom som kan stoppe anti-islamske aktivitetar, inklusive blasfemi, for alltid, uttalte Pervez Ashraf i eit sitat som vart trykt i den pakistanske avisa Daily Times.

LES OGSÅ: FN sensurerte norsk jentekor

Ban Ki Moon: – Provokasjonar kan ikkje forsvarast
Det var i førre veke at FNs generalsekretær, Ban Ki Moon, gjekk hardt ut mot den anti-islamske youtube-filmen som skapte valdsame reaksjonar og fordøming – også blant vestlege, religiøse leiarar.

– Ytringsfridomen både bør og må vere garantert og beskytta, når den er brukt til allmenne rettar og føremål. Men når folk bruker ytringsfridomen til å provosere eller audmjuke andre sine verdiar og tru, så kan ikkje dette forsvarast, hevda generalsekretæren.

– Sjølv om ytringsfridom er ein grunnleggjande rett og eit privilegium, så burde den ikkje verte misbrukt av slike folk, av slike skammelege og hatefulle handlingar, sa Ban Ki Moon.

LES OGSÅ: Ytringsfridom for alle? 

Viktig grunngjeving for ytringsfridomen
Nils August Andresen er ansvarlig redaktør for det konservative magasinet Minerva, og skreiv tysdag ein artikkel på Minervanett.no, der han både kritiserte saklegheita til youtubevideoen "The innocence of muslims" og samstundes forsvarte den prinsipielle retten til å ytre seg på ein slik måte.

– Det er openbert at ytringsfridomen også skal ivareta moglegheita til å snakke nedlatande om islam og profeten, skreiv han. 

Seinare på dagen utdjupa han kva han meinte til Framtida.no:

– Uttalane frå Tyrkia og Pakistan viser at det finst svært ulike forståingar av ytringsfridom i verda. Frå eit norsk, og vestleg, perspektiv, kan det ikkje vere noko tvil om at høvet til å kritisere, latterleggjere – og ja, krenke – personar og symbol som har makt og innverknad i samfunnet, ikkje berre må vere tillate, men høyrer til blant dei viktigaste grunngjevingane til ytringsfridomen, seier Andresen.

– Forsøk på å skulle straffe nokre for å ytre tankane sine på desse felta, må avvisast, meiner han.

LES OGSÅ: Fengsla student får studentfredpris

Forslaga blir ikkje bli til røyndom  
Andresen har ikkje tru på at muslimske leiarar og Organisasjonen for islamsk samarbeid vil klare å få gjennomslag i FN denne veka:

– Slik FN er organisert, blir – heldigvis – ikkje desse forslaga til røyndom i den internasjonale rettsordenen, seier han.

– President Obama gjorde det forbiletleg, og pedagogisk klårt kvar USA står i dette spørsmålet ved å trekkje fram retten til å krenke han personleg. Han har jo òg, som amerikanske presidentar ofte blir, vorte sammenstilt med historia sine vondaste massemordarar i karikaturar, youtube-snuttar og andre ytringar, avsluttar redaktøren i Minerva.