2900 døydde av sjukehusfeil i fjor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2900 døydde av sjukehusfeil

Det viser nye tal som helseminister Jonas Gahr Støre presenterer onsdag. I 2009 døydde 4.700 menneske på norske sjukehus og sjukeheimar av pasientskadar. I fjor var talet redusert til 2.900.

LES OGSÅ: Sjukehusa har blitt meir effektive

Sjølv om talet på dødsfall har gått kraftig ned, vil ikkje helseministeren vere med på at helsevesenet har slurva tidlegare.

– Eg skal ikkje felle nokon dom over fortida, men sjå på kvar vi står no, og kvar vi går vidare. Det at vi no er på rett veg, og at tiltak gir resultat, er veldig inspirerande, seier Gahr Støre.

LES OGSÅ: Vinn slaget, men taper krigen

På spørsmål om kor få skadar det er mogleg å ha i helsevesenet, svarar helseministeren at han trur det er vanskeleg å kome i null, men at erfaring viser at ein reduksjon på 50 prosent er mogleg gjennom god førebygging.

– Det er noko å strekkje seg etter, men haldninga må uansett vere at vi må lære av kvar einaste feil, seier Støre. (©NPK)