Sjukehusa er blitt meir effektive

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av rapporten Samdata spesialisthelsetenesten 2011, som blei lagt fram tysdag.

Aktiviteten i somatisk pasientbehandling auka med 2,1 prosent frå 2010 til 2011, mens driftskostnadene auka med 0,2 prosent.

– Dette er svært gledelege tal. Det viser at sjukehusa våre aukar effektiviteten når dei behandlar fleire utan at kostnadene aukar av den grunn, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) til NTB.

Totalt 1.777.250 pasientar fekk behandling i den somatiske spesialisthelsetenesta.

– For få år sidan låg du lenge på sjukehus når ein til dømes tok ein kreftoperasjon, mens det i dag er mange operasjonar som blir gjort på dagtid. Det er ei radikal utvikling, som kjem av ny teknologi og betre metodar. Det er positivt for pasientane fordi dei slepp å liggje lenge på sjukehus, noko som betyr at ein kan behandlefleire, seier helseministeren.

LES OGSÅ: Løgn påverkar helsa

Slepp innlegging
På eitt område er det nedgang å spore. Talet på pasientar som blir innlagt for dagbehandling, har sokke med 3,7 prosent. På same tid aukar døgnopphald og poliklinisk behandling.

– Det er ein viss nedgang i dagbehandling, men det kjem av at fleire får polikliniske konsultasjonar. Når det gjeld psykisk helsevern ser vi det same. Fleire bur heime og får behandling poliklinisk. Det er ei utvikling som følgjer dei målsetjingane vi har, seier Strøm-Erichsen.

I psykisk helsevern for vaksne er det ein auke i opphaldsdøgn på 3 prosent og i poliklinisk konsultasjon på 4 prosent. For barn og unge er endringane mindre. Poliklinisk behandling går fram 1 prosent. Det blir ikkje lagt fram tal for døgnplassar.

LES OGSÅ: – Ryggsmerter råkar tidlegare

Fleire får rusbehandling
Den sterkaste utviklinga finn ein innanfor rusbehandling. Polikliniske konsultasjonar auka med heile 17,4 prosent. Talet på innleggingar og opphaldsdøgn aukar også.

– Fleire rusavhengige har fått eit tilbod, og det er svært positivt. Det har vore ei utvikling der dei regionale helseføretaka har tatt eit mykje sterkare ansvar for rusbehandlinga, seier Strøm-Erichsen.

Ho seier auken i behandlingstilbod er i tråd med opptrappingsplanen for rusfeltet frå 2007 og stortingsmeldinga om rusmiddelpolitikk, som kom tidlegare i år. (©NPK)