Vurderer øyremerkte midlar til unge forskarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på forskartalent

Det kjem fram i ei evaluering av Forskingsrådet, der behovet for å vere dristigare og meir nytenkjande i forskinga blir framheva, skriv Aftenposten.

Fri-Pro er forskingsrådets ordning med fri prosjektstøtte. Ordninga har vore til støtte for framifrå gode forskarar som har hatt høg publiseringsrate og stor internasjonal kontaktflate.

LES OGSÅ: 17-åring bygde kunstig hjerne som finn brystkreft

Øyremerkingspolitikk

Ordninga har i dei siste åra praktisert moderat kjønnskvotering, med gode resultat: Talet på søknadar frå kvinnelege forskarar auka i perioden 2005 til 2010, og talet på kvinnelege søkarar som har fått gjennomslag for søknaden sin i denne perioden auka meir enn for mannlege søkarar. 

No er tida komen til også å prioritere høgare dei unge forskartalenta.

– Vi er inne i ein fase der vi ser på korleis vi kan vidareutvikle Fri-Pro-ordninga, seier direktør i Noregs forskingsråd, Arvid Hallén, til avisa.

Han seier utfordringane som vert peika på i evalueringa er i tråd med det dei sjølve har tenkt. Det å få fram fleire yngre forskarar er eitt av tre hovudpunkt Hallén trekkjer fram, og Forskingsrådet vurderer her øyremerkte midlar.

– Sannsynlegvis tar vi ei avgjerd før neste utlysing, tidleg på våren neste år, seier Hallén

LES OGSÅ: Har betre haldningar enn kunnskapar til matematikk