Ventetida er over. No kan du endeleg spela Wordfeud på nynorsk.

Svein Olav B. Langåker

Som Framtida.no kunne melda for nokre veker sidan, ville ordleikspelet Wordfeud endeleg få ei nynorsk ordliste i haust. No i helga blei denne klar.

Wordfeud er utvikla som ein app for smarttelefonar, og er lasta ned kring 18 millionar gonger.

LES OGSÅ: Knuser alle i Wordfeud

– Ikkje berre ei symbolsak
– Det er svært gledeleg at nynorskutgåva endeleg er på plass. Nynorsk kan og bør brukast på alle område, og nynorskutgåva av Wordfeud markerer at nynorsken er i ferd med å innta eit nytt domene, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk målungdom til Framtida.no.

– Dette er ikkje berre ei viktig symbolsak, det er også ei heilt handfast utviding av det språklege spelerommet for nynorskbrukarar. No kan også me få boltra og leika oss i mobilverda på vårt eige mål, seier Sture og held fram:

– Nynorskutgåva av Wordfeud opnar nye moglegheiter i undervisninga. Eg har prata med fleire lærarar som meiner nynorsk-Wordfeud kan verta eit godt verktøy for å trena ordtilfanget på ein artig og underhaldande måte.

LES OGSÅ: Kaizers Orchestra lanserer virus-app

Vedtak i kommunestyre
I mars sendte ordføraren i Eid kommune og leiaren av Eid Målungdom brev til Landssamanslutninga av nynorskkommunar med oppmoding om at ein jobba for dette. Kommunestyret i Luster vedtok denne uttalen om Wordfeud:

”Kommunestyret meiner dette vil vera eit synleg, konkret og effektiv tiltak for å gjera nynorsk til eit meir tilgjengeleg bruksspråk for ungdom over heile landet”.

I tillegg har både Noregs Mållag og Norsk målungdom etterlyst dette.

– Eg har registrert at det har vore mange som har etterlyst Wordfeud, og me har hatt det på lista vår over ting å gjera i lang tid, sa Wordfeud-gründeren Håkon Bertheussen til Framtida.no 21. august.

– Saka viser at det nyttar å vera sta og kjempa for det ein vil ha. Eg vil takka alle som har vore med på å etterspørja nynorsk-Wordfeud, og eg vil takka spelskaparen Håkon Bertheussen for å ha vore lydhøyr for innspela som har kome. Vonleg og truleg vil fleire fylgja etter, no som vegen er brøytt, seier Vebjørn Sture i Målungdommen.

LES OGSÅ: Laga app mot eksamensangst

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE