Stortingsvalet neste år kan bli eit lagnadsval for nynorsken.

Den raudgrøne regjeringa vurderer å fjerne sidemålskarakteren. Høgre er einige, og vil i tillegg fjerne retten til å kommunisere med staten på si eiga målform. Stortingsvalet neste år kan bli eit lagnadsval for nynorsken.

Førre vinter kom meldinga om at regjeringa jobbar med å fornye norskfaget, og at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vurderer å fjerne sidemålskarakteren. Karakterar er naturleg nok styrande for det meste av undervisning, og mange – meg sjølv inkludert – fryktar at fjerning av sidemålskarakteren vil føre til ei rasering av sidemålsundervisninga.

97,3 prosent av elevane i Sogn og Fjordane har nynorsk som hovudmål. Desse vil sjølvsagt framleis få undervisning og eksamen på nynorsk. Men kva hjelper det om nynorskelevane er gode i hovudmålet sitt, dersom dei knapt kan bruke det til noko? Det er nemleg det som fort blir resultatet dersom bokmålselevane ikkje lærer seg nynorsk. For språk er samhandling, og om dei som brukar minoritetsspråket ikkje lenger kan samhandle med fleirtalet, vil mindretalsspråket ha liten verdi som bruksspråk – og stå i fare for å døy ut.

«Utdøende språk»
For somme er kanskje dette målet også. I samband med eit TV-innslag om forslaget frå regjeringa i vinter, kommenterte ein elev ved Fagerborg videregående skole i Oslo: «Nynorsk er et utdøende språk, og det må vi hjelpe til å drepe». Det er kanskje ikkje det som er hensikta til Kristin Halvorsen, men å fjerne sidemålskarakteren vil fort vere aktiv dødshjelp for språket til 600.000 nordmenn.

Forslaget, dersom det kjem til Stortinget, vil ha full støtte frå Høgre og Frp. Tysdag 18. september presenterte Høgre sitt utkast til nytt stortingsprogram, og der stadfestar partiet at dei vil avskaffe obligatorisk skriftleg sidemål. Dette er for så vidt gamalt nytt frå den kanten, men det nye er at Høgre no også vil fjerne retten til å kommunisere med staten på si eiga målform. Med tanke på at statsforvaltninga er fastsementert i Oslo, kan borgarane i Sogn og Fjordane lure på kor mykje informasjon dei kjem til å få på si eiga målform dersom framlegget frå Høgre skulle gå gjennom.

Kvar er stortingsbenken?
Eg har ikkje høyrt noko frå korkje Bjørn Lødemel (H), Ingrid Heggø (Ap), Tor Bremer (Ap) eller Åge Starheim (Frp) om korleis dei har tenkt å forsvare folk i Sogn og Fjordane sine språklege rettar i møte med dette stormløpet mot nynorsken. Det skremmer meg.

Venstre meiner staten er til for borgarane, ikkje omvendt. Nynorsk er ei offisiell målform i Noreg, og vi som brukar denne må kunne kommunisere med våre eigne styresmakter på vårt eige mål. Og dersom vi framleis skal ha to likestilte målformer i Noreg, og reell valfridom i kva mål ein vil bruke, er det heilt naudsynt at alle elevar får god undervisning og vurdering i både nynorsk og bokmål.

Det komande valet kjem til å bli avgjerande for nynorsken si vidare rolle som bruksspråk i Noreg. Det er ein kamp vi som er glade i nynorsken ikkje kan tape. For som Ivar Aasen sa det: «Det er seint å stengja buret når fuglen er flogen».

Stod først på trykk i Firda 20. september.

 

Kva veit du om Ivar Aasen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE