Det handlar faktisk om nynorsk

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste veka har sidemålsordninga og mållova igjen vore oppe til diskusjon. Som vanleg er det nokon som vil avskaffa begge delar, og som vanleg argumenterer dei som om avskaffinga ikkje vil ha nokon konsekvens. Dei snakkar om å styrkja hovudmålet, redusera byråkratiet, og auka respekten for det personlege valet av skriftspråk. Alt for å unngå å svara på dei vanskelege spørsmåla: Kva konsekvensar vil dette føra til for nynorsken? For den språklege valfridomen? For den språklege jamstillinga?

Avisa Nye Troms tek – om enn ikkje med vilje – denne haldninga på kornet i dagens leiarartikkel. «Det er vanskelig å diskutere forholdet mellom de to sidestilte skriftspråkene i Norge uten at det ender opp som en debatt om for eller mot nynorsk,» skriv redaktør Gjermund Nilssen, før han gjev full støtte til å fjerna både mållova og sidemålet. Det Nilssen dimed eigentleg etterlyser, er høve til å stengja nynorsken inne i ein trang plastpose, utan å måtta svara for kva dette vil ha å seia for nynorsken eller nynorskbrukarane.

Det bør han ikkje få høve til. No er det truleg slik at ein del av dei som føreslår å skjera bort sidemålet eller avvikla mållova gjer det i beste meining, men det korkje kan eller bør hindra oss i å peika på kva konsekvensane kan verta.

Om nokon var i tvil: Eg forsvarar ikkje mållova og sidemålsopplæringa berre for moro skuld. Nynorskbrukarane sin rett til å møta og bruka språket sitt i kvardagen, er avgjerande for at det skal vera praktisk mogleg for kven som helst å velja nynorsk. Skal nynorskbrukarane overlatast til seg sjølv, i eit mindretal på mellom 10 og 15 %, vil nynorsk til slutt verta eit alternativ for dei mest språkleg ressurssterke. For dei fleste andre vil ikkje nynorsk vera noka reell valmoglegheit, dersom dei i skule, utdanning, arbeid og det private stort sett berre får lesa og skriva bokmål.

Faktum er at mållova og sidemålsopplæringa handlar om nynorsk. Å la vera å tematisera nynorsken i desse diskusjonane er meiningslaust. Elefanten i rommet forsvinn ikkje av at folk prøver å unngå å snakka om han berre fordi dei tykkjer det er ubehageleg å verta konfrontert med konsekvensane av deira eigne framlegg.

Tvert i mot: Når nokon trugar med å gå til val på å avskaffa dei ordningane som er til for å sikra og realisera den språklege jamstillinga, så kan me ikkje la dei sleppa unna med lettvint retorikk. Det er i det store og heile all grunn til å vera på vakt når nokon byrjar ei argumentasjonsrekke med «eg har ikkje noko i mot nynorsk, MEN …». Som regel fylgjer eit framlegg som vil gå hardt utover nynorsken. For det er nynorsk det handlar om.