Høgre vil la byråkratane velja sjølv

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Byråkratar må få velja sjølv

– Systemet i dag er tungvint. Eg synest at me i større grad skal respektera val av språkform, at me lærer å lesa og forstå kvarandre sine målformer, i staden for å tvinga andre til å skriva den målforma me har vald, seier leiar i programkomiteen i Høgre, Bent Høie, til NRK.

Ifølgje mållova frå 1980 må alle statlege organ svara på den målforma som organisasjonar, bedrifter og privatpersonar skriv til dei på. Dessutan gjev lova kommunar og fylkeskommunar høve til å setja krav til målforma til staten.

LES OGSÅ: – Høgre til angrep på nynorsk som nasjonalspråk

Leiaren for Akademikerne, Knut Aarbakke, seier til statskanalen at han ikkje opplever målbrukslova som eit problem for byråkratane i staten.

Leiaren i Noregs Mållag, Håvard Øvregård, er sjølv ein aktiv i Høgre, og han er sterkt usamd med Bent Høie. Han fryktar at nynorskbrukarane då vil sjå språket sitt forsvinna.

– Me har nynorsk og bokmål som to nasjonale språkformer her i landet. Det at staten nyttar begge to er heilt avgjerande for at nynorsk og bokmål blir oppretthaldne som nasjonale språk, seier Øvregård til NRK.

Kva synest du om forslaget til Høgre?