Blømande nynorsk på Voss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein lang dag med nynorsk på timeplanen vart oppsumert i ein paneldebatt med nokre av dei fremste Vestlandet kan by på, når det kjem til nynorskforståing og -kjensle.

Aldri før vore brukt så mykje
Konklusjonen er at det trass alt står bra til med nynorsken.

– Aldri før har nynorsken vore brukt så mykje som bruksspråk i arbeidslivet, sa professor i nordisk, Gunnstein Akselberg, og meinte at dersom nynorsken forsvinnn heilt, får ein eit mindre demokratisk samfunn.

– Nynorsken har aldri vore meir synleg i samfunnet og meir brukt enn no, meinte han.

– Har aldri tvilt
Myten om at nynorsk høver seg best i det poetiske språket, vart hardt slått ned på.

– Eg har aldri tvilt på om eg skulle skriva nynorsk eller ikkje. Det har alltid vore eit klart val, seier Åshild Sorteberglien Ljones.

Ho er frå Ulvik og meiner at folk frå Voss og Hardanger skriv naturleg på nynorsk.

Les meir i Avisa Hordaland!