Stadene som lukkast i distrikts-Noreg er prega av inkludering og evna til å gripe sjansane som byr seg.

Folk, liv og røre gjer Stryn til plassen å bu.

– Vi likar at det er mykje artig som skjer her, det er alltid liv og røre, seier Ruben Briksdal og Benedicte Garlid Storaker. Paret kjem båe frå Stryn og for dei er heimbygda det naturlege valet. Kommunen er mellom anna kjent for fjell, fjord, sumarski og breliv. Men inkludert Ruben, er ikkje så mange av breførarane lokale og dei er ei myte at alle fjell og brear.

– Ein må på ingen måte like bre for å bu her. Det er nesten meir tvert om, at vi er mange lokale som ikkje driv med det, seier Benedicte Garlid Storaker.

LES OGSÅ: Vekk frå folk

Alle typar
– Eg likar at halvparten av dei eg møter helsar når eg går frå A til B, eller det å kunne gå frå bord til bord å treffe kjentfolk når eg er på kafe, fortel Ruben Briksdal. For det sosiale aspektet er viktig, og paret understrekar at livet i ei kommune med om lag 7000 innbyggjarar, gjer at ein vert vandt til alle typar folk.

–  Anten går det bra eller så går det over, det trur eg folk tenkjer når folk her startar nye ting, held Ruben fram. Han meiner med folk med pågangsmot og som tør prøve nye ting, er viktig i eit lokalsamfunn.

LES OGSÅ: Gratis festivalmoro i gummibåt

Mykje som skjer
– Innflyttarar kjenner gjerne nokon som er herifrå, eller dei har ramla over ei lokal dame, seier Ruben. Paret trur mange som vel Stryn allereie har band til bygda, anten gjennom eigne røter eller ein kjærast som har det.  Samstundes trur dei fleire kan trivst i bygda.

– Naturen er viktig og så er det mykje som skjer kvar einaste helg. Det er rett og slett ein sinnsjukt bra plass, avsluttar Ruben Briksdal og Benedicte Garlid Storaker.

LES OGSÅ: Kreativ tenking utan avgrensingar

Arbeid i botn
– Moglegheiter for arbeid må ligge i botn, fortel Marianne Solbakken, seniorrådgjevar ved Distriktssenteret. Samstundes legg ho til at nettverk og kva tilknyting ein har og får, er viktig i spørsmålet om kvar ein vel å busette seg etter fullført utdanning. 

– Dei som flyttar til ein stad, om det er ungdom med eller utan tilknyting, innvandrar eller andre, må finne sin plass i lokalsamfunnet om dei skal verte verande på sikt. Det handlar om å verte teke med i fritidsaktivitetar, få vener og verte inkludert. Det er større sjansar for at dei som lukkast med det, vert verande.

Marianne Solbakken peikar og på at mange tilflyttingstiltak har konsentrert seg om å få ungdom til å flytte heim, og at dei har hatt varierande resultat. Distriktssenteret arbeider no med eit studium for å finne ut meir om dei konkrete verdiane av tilflyttingsprosjekta.

LES OGSÅ: – Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Tek sjansane
Men ikkje alle som vel å flytte til små stader i distrikta har tilknyting. Arbeidsinnvandrarar som reiser dit det er jobb å få og busette flyktningar som reiser dit dei får busetting. Marianne Solbakken peikar og på dei regionale traineeordningane, som Framtidsfylket i Sogn og Fjordane og Intro Innherred i Nord-Trøndelag, som ordningar som har vist seg og hatt effekt. Der mange vert verande etter traineeperioden, sjølv om dei ikkje har tilknyting.

– Felles for alle slike gruppe ser ut for å vera at dei må få på plass nettvert og verte inkludert i lokalsamfunnet, om dei skal velje å verte buande, forklarar ho. Og legg til at stader som opplever tilflytting i regionar prega av fråflytting, er kjenneteikna ved at dei er flinke til å gripe sjansane som byr seg.

– Desse stadene har tilgjengelege arbeidsplassar, men dei legg og til rette for at dei som kjem skal få gode bustadar og ta del i det staden har å by på, avsluttar Marianne Solbakken.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE