Kreativ tenking utan avgrensingar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Det var Farmhose som fekk meg heim til Stryn. Det er fantastisk å bu på ein slik plass og samstundes kunne jobbe med noko eg brenn for, fortel dagleg leiar Gro Caroline Flølo.

Farmhousejobbar mellom anna med kommunikasjon, grafisk design og interaksjonsdesign. Dei held til mellom fjell og fjord i Stryn, og har nett opna distriktskontor i Oslo.

– Vi vil jobbe designtenking på nye område. Mykje av det vi gjer handlar om tverrfagleg samarbeid og kreativ tenking utan avgrensingar, forklarar Flølo. Ho er sjølv designar, med utdanning frå Westerdals.

Unge og kreative
I kjølvatnet av suksessen til Moods of Norway vart Farmhouse skipa i 2006. I dag tel staben seks designarar og eigarskapet er framleis lokalt.

– Moods kom som noko norsk og unorsk på same tid. Dei fekk mange førespurnadar, spesielt kring marknadsføring og ville skape ein ny arena, forklarar Flølo.

Frå starten har firmaet jobba med koplinga mellom unge kreative og næringslivet. Eit døme er prosjektet Springbrett, der talent i mote-Noreg har vorte lyfta fram og gjeve ein fot innanfor bransjen.

– Vi trur det er viktig å gje studentar og designarar faktiske case frå næringslivet, held Flølo fram.

LES OGSÅ: Designarspira

Løysingar
– Å jobbe med design, er å jobbe med ei breidde av problemstillingar. Noko av det som er spanande, er å gå inn på ein udesigna marknad og å få jobbe med fyrstegongsbrukarar av design, fortel Flølo. Ho skildrar ein designprosess som navigering i ein tunell. Der det handlar om å finne dei beste løysingane, og der arbeidet gjev stadig nye resultat.

Trafikksikring er eit av områda der Farmhouse har brukt designtenking. Utgangspunktet var ungdommens manglande bruk av refleks og problemstillinga var vid. Løysinga vart klede i materiale med integrert refleks, så ungdommen slepp tenkje på å ta den på.

LES OGSÅ: Kreativ sommarjobb

Prosessen
– Drøymeprosjekta som designar, er der ein får vera med på heile prosessar og større delar av verdikjeda, seier Flølo.

Ho set og arbeid med omdømmebygging høgt, og trekkjer fram arbeidet med å lyfte fram Teknikk og Industriell produksjon som programfag i den vidaregåande skulen, som eit av drøymeprosjekta.

– Det handla om å bryte ned fordommane at dette berre er ”gutane på golvet”, slik tek tid og er utfordrande. Vi samarbeida med Norsk Industri og møtte mange ungdommar, og det heile var veldig spanande.

LES OGSÅ: Designar for bygda

Vestlandet
–  Eg har jobba som designar frå både Oslo og Stryn. For meg er bylivet stressande, medan eg har inspirasjon rett utanfor døra med naturen i Stryn. Ein kan få så mange idear av ein fjelltur, fortel Flølo.

Vestlandet er kjerneområdet forFarmhouse, og dei meiner tilknytinga til Vestlandet er ein suksessfaktor i designverksemda.

– Vi vestlendingar er nok litt ærekjære og det kan ta oss langt. Så er vi nok nokon arbeidshestar, for vi veit at det er ingenting som kjem gratis, avsluttar Gro Caroline Flølo.

Faktaboks

 

10 tips til designardrøymarar
– Søk ei utdanning som også har fokus på praksis, det er i praksis ein lærer.
– Og vel ei utdanning som gjev deg marknadskunnskap.
– Design er næringsutvikling og verdiskaping. Vi leikar ikkje – du er ein verdiskapar for dine kundar.
– Tenk at alt er mogleg! Det er eit godt utgangspunkt som problemløysar.
– Lær deg økonomi – ein designar har alltid eit budsjett å halde seg til.
– Hugs at du må vera glad i å prestere under press.
– Og du må kunne handtere fleire ballar i lufta på ein gong.
– Vær ein lagspelar, for som regel jobbar du i team.
– Du må handtere eit yrke du aldri blir utlært i, det er stadig nye utfordringar som skal løysast.
– Ikkje vær redd for å by på deg sjølv  – det er dine ide idear og dei skal seljast.