Fleire born overlever: – Viser at bistand verkar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Millionar fleire born overlever

Sidan 1990 har talet på born som døyr før dei fyller fem år blitt halvert. Massive vaksinasjonskampanjar og førebygging av enkle sjukdomar er hovudårsakene til at stadig fleire born får oppleva femårsdagen sin.

1990 døydde 12 millionar born under fem år. I dag er talet redusert til 6,9 millionar. Samstundes har folkesetnaden i verda auka med éin tredjedel. Det tyder at barnedødelegheita i verda har blitt meir enn halvert.

LES OGSÅ: Jobbar for håp i Afrika

– Svært gledeleg
– Desse tala viser at verda utviklar seg i rett retning. Dei viser at bistand nyttar. Og, dei bør fylle kvar og ein av oss med fornya kraft til å kjempa for at ingen born skal døy av ting som lett kan førebyggjast. Me har evna, me veit kva som skal til, og me har medisinane og teknologien som trengst. Det som krevst no er ein endå sterkare vilje til å få det til, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i UNICEF Noreg i ei pressemelding.

Det er særleg førebygging og massiv vaksinasjonsinnsats mot sjukdomar som meslingar, diaré, lungebetennelse og malaria som har ført til dei gode resultata. Barnefondet til FN, UNICEF, er blant dei organisasjonane som har satsa tyngst på vaksinar, og står for 80 prosent av alle vaksinasjonar i verda. Noreg har bidrege med store bidrag.

LES OGSÅ: Bistand bidreg til vekst

Utviklinga frå 1990 viser at det er realistisk å nærme seg ambisjonen om at det skal døy færre enn 20 born per tusen fødslar i alle land innan 2035, ifølgje UNICEF.

FN sitt tusenårsmål nummer fire er å redusera barnedødelegheita frå 1990 med 2/3-delar.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Enno mykje ugjort
Sjølv om reduksjonen i barnedødelegheita er svært gledeleg, er det enno mykje ugjort. Kvar dag døyr det 19.000 born i verda. Fire av fem dødsfall for born under fem år skjer i Afrika sør for Sahara og Sør-Asia, og fem land står for nesten halvparten av alle barnedødelegheitsfall: India, Nigeria, Kongo, Pakistan og Kina.

– 19.000 born er 19.000 for mange. Me ser av tala at flest born døyr i dei fattigaste regionane og landa, og det er òg desse borna som er mest utsett for å døy av infeksjonar. Det gode nyhendet er at det er mogleg å gjera noko med det, påpeikar Apeland.

Dei viktigaste årsakene til dødsfall blant born under fem år er diaré og lungebetennelse. Desse står for éin tredjedel av alle dødsfall blant born under fem år.

– Dette er ekstra trist, fordi dette er sjukdomar som er enkle å førebyggje og som ingen treng å frykta i Noreg, seier Apeland.

LES OGSÅ: 663.000.000 færre fattige