– Vegbygginga har gått for treigt

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) innrømmer at norsk vegbygging har vore for stykkevis, treig og dyr. Staten kan lære av private vegprosjekt, meiner han.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som har vore feil med norske vegprosjekt er at det har vore ei klattvis utbygging. Det har vore dyrt og har gått for sakte, seier Stoltenberg til VG.

Samtidig tar han eit oppgjer med politikarar som meiner at treig vegutbygging kan løysast med å gi private selskap totalansvar for å byggje ut og drifte vegar, såkalla OPS-finansiering.

OPS-finansiering går ut på at staten tilbakebetaler når vegen opnar, gjennom faste årlege avdrag pluss renter i 25 år. Noreg har meir enn nok av kontantar, og å byggje veg med OPS-finansiering er like dumt som å kjøpe flatskjerm på avbetaling, meiner Stoltenberg.

– Det er freistande å kjøpe ting på avbetaling. Det er herleg å gå i butikken og kjøpe ein flatskjerm som ser billig ut, men det er utruleg dumt om du gjer det i stor skala og trur at det er billig. Ansvar handlar om å handtere dei følelsane i seg som seier at det som ser billig ut er billig, når det er dyrare. Kjøp på avbetaling kjem ofte avmangel på pengar. Noreg har mykje pengar. Derfor er det dobbelt dumt, seier den sosialøkonomiutdanna statsministeren.

Staten kan derimot lære av korleis private prosjekterer vegutbygging, meiner han.

– Staten kan gjennomføre heilskapleg prosjektgjennomføring og byggje store samanhengande prosjekt, seier Stoltenberg. (©NPK)