Vil kalle opp Oslo S etter Ivar Aasen

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjere Oslo S nynorsk

Måndag kom nyhenda om at Draupne-feltet får namn etter Ivar Aasen. Impulsive målmenneske rundt om i landet jubla stolt, medan dei som òg brydde seg litt om miljøvern rynka på nasa – berre dei fekk tenkt seg skikkeleg om.

Rosemåling
No går Norsk Målungdom offensivt ut, og krev at trenden med å kalle opp viktige ting etter nynorsken sin far, som feirer 200-årsjubileum neste år, held fram, og då gjerne på ein meir miljøvenleg måte.

– Å døype eit oljefelt etter Ivar Aasen er ein velmeint og hyggeleg gest, men regjeringa treng ikkje å stoppe der, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

– Oljebransjen er kontroversiell, og særleg frå miljøvernshald let det til at omdøypinga av Draupne-feltet blir sett som ei rosemåling av petroleumsindustrien. Det inntrykket kan kanskje bøtast på ved å gje fleire plassar namn etter Ivar Aasen, seier Sture.

Ta Ivar Aasen-kvissen!

Oslo S neste?
Vebjørn Sture ser mot hovudstaden når han leitar etter symboltunge stadar å kalle opp etter Aasen.

– Ivar Aasen reiste ufatteleg mykje rundt om i landet. Såleis er sentralstasjonen i Oslo, sjølve hjartet i jernbanenettet, ein opplagt kandidat. «Ivar Aasen sentralstasjon» vil også hindre at Aasen-namnet blir klistra til oljeutvinning åleine, sidan togtransport er ein av dei mest miljøvenlege reisemåtane som finst, argumenterer Sture.

– Det ligg også ein flott symbolikk i at sentralstasjonen i Oslo knyter saman jernbanelinene frå dei ulike delane av landet – ikkje ulikt slik Ivar Aasen knytte dei ulike dialektane saman til eitt skriftspråk, avsluttar Sture poetisk.

 

Kva ville du ha kalla opp etter Ivar Aasen, viss du fekk velje? Diskuter under!