Kompetanse i særklasse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det er 15 elevar som går elektrolina, men det var endå fleire som ynskte plass. Hovudmengda av elevane kjem frå Vest-Telemark. Me søkte etter lærarkrefter til elektrofaget, men det viste seg å vere vanskeleg å fylle stillinga. Derfor blei løysinga at næringslivet sjølve stiller med lærarkreftene, seier Siv Reidun Einebærholm, som i tillegg til å vere avdelingsleiar for yrkesfag, også har ein stillingsbrøk som studieleiar og IT-pedagog.  

Sterk- og svakstraum  
Det er ein omfattande læreplan som ligg til grunn for undervisninga, og både sterk- og svakstraum står på planen.

– Me måtte tenkje fort og spela ballen over til bedriftene i regionen. Dei var svært positive og slik me ser det vil elevane no få spisskompetanse på kvart einaste emne dei skal ha, fortel Einebærholm. Då avisa er innom elektroklassa, er det Helge Asle Lundeberg frå Scana Mar-El og Knut Urbø frå Statkraft som har time med elevane. Lundeberg har automatisering som fagfelt i teknologibedrifta, medan Urbø er sterk på fordelingsanlegg, energi og elektroteknikk.

– Scana Mar-El opplever at det er vanskeleg å rekruttere kompetent arbeidskraft til bedrifta, og dermed er dette ei utfordring me må ta. Og det er heilt klart ei spennande utfordring, seier Lundeberg.  

Pedagogiske utfordringar  
Dette skuleåret er det to tilsette frå Vest-Telemark kraftlag, to frå Statkraft, ein frå Rauland elektriske, ein frå Scana Mar-El og ein frå Telefiber som står for undervisninga ved elektrolina.

– Utfordringane våre er å vite kva nivå me skal leggje oss på. Me har heller ikkje den pedagogiske bakgrunnen som ein kanskje skulle ynskje, men me har i alle fall den praktiske bakgrunnen i orden. Og sjølvsagt prøvar me å fylgje lærebøkene så langt det let seg gjere, forklarer Urbø. Det er eit stort generasjonsskifte på gang med tanke på arbeidstakarar, og særleg gjeld dette for Statkraft.

– Det blir etter kvart mange ledige stillingar i Statkraft, og samstundes er det andre krav i bransjen i dag. Det gjer at også dei som alt jobbar i bransjen treng oppdateringar, seier Urbø.  

Vinn-vinn  
– Og bransjen ekspanderar, og det er sjølvsagt også målsetjinga for bedriftene. Eg håpar elevane fagmessig kjem styrka ut av denne måten å lære på, og meiner dette er ein vinn-vinn situasjon, smiler Lundeberg.

– Så langt ser det lovande ut, seier elevane samstemte.  I andre klasse må elevane velje kva dei vil fordjupe seg i innan elektro. Dei har to val. – Då må dei anten velje det som gnistrar og kan vere farleg, eller det som ikkje gnistrar og er ufarleg, slår Urbø smilande fast.@

LES SAKA I VTB!