– Bedriftene må vise seg fram for studentane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bedriftene må vise seg fram

 Studentar og andre som ønskjer å snusa på kva som finst av noverande og framtidige jobbar i Sogn og Fjordane, får ein gyllen sjanse på karrieremessa i Sogndal tysdag 16. oktober. Og arbeidsgjevarane får høve til å vise seg fram og driva rekruttering både på kort og lang sikt.  

– I år tek me lærdom av fjorårets messe, og legg i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane opp til ein spennande dag for studentar, arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i det splitter nye høgskulebygget på Campus, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot.  

LES OGSÅ: Saknar berre sushi og mamma

Profilering 
Ho meiner det er utruleg viktig at arbeidsgjevarar profilerer seg på ein god måte for studentmiljøet og unge arbeidstakarar, ikkje berre utanfor fylket sine grenser. Arbeidsgjevarar har sjølve etterlyst ein slik arena.  

Målgruppene for karrieremessa er studentar i Sogndal og Førde, unge arbeidstakarar og representantar frå offentleg og privat næringsliv frå heile Sogn og Fjordane.  

– Årleg blir kring 500 studentar uteksaminerte frå høgskulen. Mange er klare for ein jobb i Sogn og Fjordane om vi klarer å vera synlege og gjera oss interessante nok, seier van Oorschot.

LES OGSÅ: Slik vil distriktsfylka få deg heim

Meir pågåande  
Ho får støtte av tredjeårs ingeniørstudent i Førde, Ole Kristian Førsund frå Bergen, som gjerne hadde sett at bedriftene i fylket var meir pågåande:  

– Me har kontakt med bedrifter gjennom ulike studentprosjekt. Det er vi veldig glade for, men det er ikkje nok til at me får god kjennskap til det totale miljøet i fylket, seier han.

 

Les saka i Sogn Avis!