Søknadsfristen nærmar seg om du vil studere i fjerne strøk til våren. Maria Mehlum (25) brukte utveksling som avveksling.

Faktaboks

– 23.442 norske studentar studerte utanlands i 2011-2012
– 15.328 av desse tok heile utdanninga i utlandet
– 8.114 tok ein del av utdanninga si utanfor Noreg
– Dei fleste som reiser ut er bachelorstudentar

Kjelde: Lånekassen

LES FAKTALUKK FAKTA

Stadig fleire reiser utanlands for å studere. I møte med arbeidsmarknaden er ikkje eit semester i utlandet ein ulempe, men utanlandsstudiar kan òg ha negative sider.

Lektorstudenten Maria Mehlum (25) smiler mot nysgjerrige studentar i universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo. Det er tysdag, ti dagar til søknadsfristen går ut og utvekslingsmesse på Universitetet i Oslo.

Når universitetet freistar å lokke studentar til å ta steget ut i verda, stiller Maria opp for å fortelje om sitt halvår i Australia.

LES OGSÅ: Utfordrande utveksling

Utfordrande
I slutten av august kom Lånekassen med tal frå førre studieår. Dei syner at rekordmange studentar valde å reise utanlands i fjor.

I personalkantina på Blindern tilbyr rådgjevar Espen Kallevik frå Karrieresenteret både motivasjon og ei lita realitetsorientering til studentar som kjenner eventyrlysta kalle.

– Å studere i utlandet er sosialt, fagleg og praktisk utfordrande, seier Kallevik.

Forsking viser at studiar frå utlandet kan slå både positivt og negativt ut når ein skal søke jobb.

– Studentar som har teke heile grada si i utlandet har større vanskar med å få jobb enn dei som har studert i Noreg. Dei som tek delar av utdanninga i utlandet kjem derimot raskare i jobb, seier Kallevik.

Han syner til ein rapport frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2007.

Der kjem det fram at studentar som er uteksaminert i utlandet har større vanskar med å entre arbeidsmarknaden enn studentar utdanna i Noreg.

Når dei først er komne i jobb, tener dei likevel meir enn både studentar med delstudiar frå utlandet og studentar med heile grada frå Noreg. Mykje av skilnadane i løn kjem av at utanlandsstudentane oftare er tilsett i privat sektor.

LES OGSÅ: Eirin (20) studerer kinesisk i Beijing

Utveksling som avveksling
Maria Mehlum er trygt tilbake på blindernsk jord etter fjorårets haust i Sydney. Ho brukte utvekslinga som ei avveksling.

– Det var i grunn tilfeldig at eg valde å reise på utveksling. Eg var i mitt nest siste år på lektorutdanninga og mangla motivasjon. I samtale med ein studieveiledar dukka moglegheita til å gjere noko anna opp.

Maria bestemte seg berre eit par veker før søknadsfristen gjekk ut. Ho retta seg inn mot engelspråklege land, og søkte universitet i USA, Canada og Australia. At valet til sist falt på Australia er ho glad for.

– Det var ei fantastisk oppleving, der eg var kjend med mange nye menneske. Semesteret var meir intensivt enn heime, men det var óg veldig lærerikt. Det vanskelegaste var å finne fram til riktige fag, fortel Maria.

Ho trur erfaringane ho gjorde seg vil vere nyttige seinare.

– Når du reiser på utveksling starter du på nytt heilt åleine i eit framand land. Du veks mykje på det. Du viser at du er open og tek ei utfordring, meiner masterstudenten.

LES OGSÅ: Til ørkenen for å lære

Gunstige delstudiar
Ifølgje NIFU-rapporten er studentar som berre har teke delar av studiet i utlandet mindre utsett for arbeidsløyse. Dei har dessutan i like stor grad arbeid med internasjonalt tilsnitt som dei som har teke heile grada ute. I tillegg tener dei meir enn studentar som ikkje har reist ut.

I ei anna undersøking frå NIFU kjem det fram at studentar med heile grada frå utlandet søker fleire jobbar før dei kjem i arbeid.

Medan studentar uteksaminert i Noreg i større grad får jobb gjennom sitt profesjonelle nettverk, nyttar mobile studentar seg i større grad av vener og private arbeidsformidlarar.

Jobbar heime
Dei aller fleste studentane, både reiselystne og heimekjære, jobbar i Noreg etter utdanning. Flest studentar med heile grada frå utlandet finn jobb utanfor landegrensene.

Atten prosent av desse jobbar i utlandet. Det same talet er seks prosent for studentane med delstudiar frå utlandet og to prosent for studentane som ikkje reiste ut i laupet av studietida.

LES OGSÅ: Ta vidaregåande i utlandet?

Eventyrlyst
Startvanskane til tross – studentane i undersøkinga til NIFU var i større grad motiverte av eventyrlyst enn karriere når dei valde å reise utanlands.

Dei viktigaste årsakene til å studere i utlandet er nemleg interesse for å studere i eit utanlandsk miljø, ønskje om å oppleve ein annan kultur og eventyrlyst.

LES OGSÅ: Fleire vil studera utanfor Europa

Stabil vekst
23.442 studentar studerte utanfor Noregs grenser i 2011 til 2012. Det er ei auke på sju prosent frå året før. Talet på studentar i Noreg har òg auka, så delen studentar som studerer i utlandet er om lag den same.

13,7 prosent som i fjor fekk stønad frå Lånekassen til høgare utdanning studerte i utlandet, mot 13,2 prosent året før.

Storbritannia, Danmark, Polen, USA og Australia er dei mest populære studielanda.

LES OGSÅ: Uroa over dyre utanlandsgrader

Flest kvinner
Færre menn enn kvinner tek heile eller delar av utdanninga i utlandet. I aldersgruppa 20 til 24 år tok over 4 000 kvinner delar av graden i utlandet i fjor, mot 1 877 menn.

Økonomi, samfunnsfag og jusstudentar kronar på topp som dei mest reiselystne. Deretter kjem studentar frå helse- og sosialfag, humanistiske og estetiske fag, og naturvitskap og teknologi.

Har du lyst å møte våren i unorske strøk er det på tide å finne fram søknadspapir og reiselyst.

Fristen for å søke delstudiar for vårsemesteret ved UiO og HiOA går ut i midten av september. Les meir!

NTNU har søknadsfrist 1. oktober. Ved UiB er søknadsfristen for utveksling gått ut.

Les meir om utveksling her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

Kommentarar

ANNONSE