EU godtek bompengerabatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Statssekretær Lars Erik Bartnes seier til Aftenposten at det er norsk topografi som, i alle fall delvis, har sikra avtalen.

– EU viser til norske særforhold. Det er fjord og fjell, seier Bartnes.

Det har teke fleire år å få på plass avtalen, og Noreg er det einaste landet i Europa som har fått unntak frå EU-reglane. Det gjer at bilførarar utanom Søraust-Noreg framleis kan få heilt opp mot 50 prosent rabatt på førehandskjøpte passeringar. Dette favoriserer fastbuande, og det meiner EU er diskriminerande. Men på grunn av spesielle forhold får altså delar av landet halde fram med praksisen.

I Søraust-Noreg derimot kan ingen bompengeselskap gje meir enn 13 prosent rabatt etter 2014. Ifølgje Aftenposten vil dette berre få verknad for fire bomstasjonar. (©NPK)