AUF skal bruke 60 millionar på å gjenreise Utøya

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil AUF ta Utøya tilbake

Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) presenterte fredag føremiddag planane om å atterreise Utøya til ein prislapp på 60 millionar kroner.

– Dersom ting skjer raskt, er det teoretisk mogleg at første leir kan arrangerast sommaren 2014, men eg trur ikkje det er realistisk. Som vi har sagt heile tida, er ikkje det viktigaste at det skjer raskt, men at det skjer rett, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

Utøya-fondet har så langt fått inn gåver på rundt 40 millionar kroner, men AUF har kalkulert med å skaffe midlar til ei opprusting på totalt 60 millionar kroner.

– Det skal framleis vere ein nøktern standard, men dersom Utøya igjen skal bli ein stad å vere for ungdom, må staden få eit ansiktsløft, seier styreleiar i Utøya AS, Martin Henriksen.

LES OGSÅ: – Ikkje ekstra fuktig i ungdomspartia

Delte meiningar
I sommar vart det reist ein debatt om det var rett av AUF å skulle ta øya der 69 personar vart drepne i terrorangrepet 22. juli i fjor, i bruk att.

Fleire etterlatne uttalte at dei opplevde det som sårande, og at øya burde gjerast om til ein minnelund.

Pedersen seier AUF alt dagen etter angrepet formulerte ambisjonen sin om å ta Utøya tilbake.

– Eg vil understreke at det ikkje alltid har vore lett å ha denne målsetjinga, og vi veit at meiningane er delte. Men vi meiner det er betre at øya blir ein stad som blir teken vare på og der det er aktivitetar, enn at øya blir lagt aude og gror igjen. Vi meiner dette er den beste måten å heidre offera på, seier AUF-leiaren.

Eigen minnestad
AUF har vore i tett dialog med Støttegruppa etter 22. juli, og vil gjere fleire grep for å heidre offera og ta omsyn til dei etterlatne. Ein eigen minnestad vil bli oppretta på sørvestspissen av øya. Framtidige leirar vil bli arrangert på andre tidspunkt enn rundt 22. juli, og det vil bli oppretta ein ny bade- og samlingsplass i Grisebukta aust på øya til erstatning for Bolsjevika-stranda i nord der fem personar vart drepne.

Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli er nøgd med planane for korleis Utøya skal atterreisast.

– Vi er i dialog med AUF om planane om minnesmerke på Utøya og synest dei ser veldig fine ut, seier leiar Trond Henry Blattmann til NTB.

Han legg til at støttegruppa set veldig pris på at AUF har vektlagt minneaspektet og sagt at 22. juli blir ein minnedag og ikkje ein leirdag.

LES OGSÅ: Filma valkampen – så endra alt seg

Ny silhuett
Planane om oppattbygging er utarbeidd i samarbeid med arkitektkontoret Fantastic Norway og entreprenørselskapet PEAB.

Arkitekt Håkon Matre Aasarød i Fantastic Norway seier det har vore viktig for dei å gje Utøya ein ny silhuett.

– Silhuetten til øya er no først og fremst knytt til angrepet. Med ein ny silhuett vil vi gi signal om at vi startar ei ny forteljing, vi meiner det er eit avgjerande suksesskriterium for å få til noko nytt på Utøya, fortel Aasarød.

Ved å byggje ein ny «landsby» på toppen av øya, med fleire bygningar, klokketårn og ein svalgang på bakkeplan, i tillegg til å tynne ut ein stor del av underskogen, vil arkitektane endre utsjånad på øya.

Planane inneheld også eit nytt hovudbygg med konferanseområde, møterom, matsal og kjøkkenfasilitetar. Det skal også byggjast nye bryggjer, og tilkomstvegen på landsida skal utbetrast, og uteområda skal oppgraderast.

Kafébygget der 13 personar vart drepne skal rivast, truleg alt til hausten. Etterlatne etter dei drepne vil få høve til å besøkje bygget før det blir rive. (©NPK)

Les òg: – 68-generasjonen har kjempa for sine saker, no skal vi kjempe for våre

Kva tykkjer du om planane?