Smått er godt biteti

Kristin Fridtun
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som oftast galdt det småord som eg smette inn her og der i utsegnene mine; stutte einstavingsord som i grunnen syntest å vera ljodar snarare enn ord. Eg såg aldri at dei stod på prent i bøker eller aviser og eg − skam å seia! − umaka meg ikkje med å sjå etter dei i ordbøkene.

Ordbøker! Det er der det står, alt saman. Særleg i éi: Norsk Ordbog (1873).

Om nokon kjem til deg med eit rart og sjeldsynt dialektord, kan du i ni av ti tilfelle finna det att i Norsk Ordbog. Ikkje veit eg korleis Aasen valde ut dei orda som skulle vera med i ordboka, men han valde tvillaust rett. Som vanleg! Bestemor mi, som trur at dialekt er «feil» og verdlaust mål, sit berre og gaper og er heilt opp i under når eg slår opp det eine ordet etter det andre og peikar og seier at det står her, Ivar har det med. «Næmmen! Åssen går dæ an ’a? Kæinn du skrive dætta?! Nei, dæ skjønne’ je itte.»

Eg skjøna det mest ikkje, eg heller, då eg fann dei tidgjengde småorda mine i denne ordboka. Dei viktigaste er (med rettskrivinga til Aasen): radt, fulla, helder og trekløveret ut-av, ut-i og ut-or. Og med uttala mi: ratt, føll, hell, ta, ti og tur.

Vel å merka finst adverbet radt på bokmål òg, men der er skrivemåten ratt. Frå ein etymologisk synsstad er ratt heilt på jordet, for opphavet er det norrøne adjektivet hraðr ‘rask’, jamfør til dømes vårt radig. Og eit ratt er som kjent noko heilt anna.

Det er fint å nytta radt om det som går snøgt og greitt, utan stogg eller omveg: «fara radt til byen», «det gjekk radt», «radt opp i taket». Me kan òg nytta det ved samanlikning, i staden for akkurat: «Det er so hardt at det er radt som stein.» Sjølv brukar eg det som oftast i tydinga ‘kanskje, truleg; sannsynleg(vis)’ − om lag slik mange (vestlendingar) brukar gjerne (ofte: gjedna). Me seier «det kan radt henda», «ho har radt gjort det alt», «dei er radt svoltne no».

I grannelaget til radt finn me adverbet fulla, som ofte berre er uttala «fl», kanskje med ein utydeleg vokal imellom; full, føll, fell eller liknande. Fulla (jf. norr. fulluliga) er lett å smetta inn her og der, for det svarar til både ‘nok’, ‘saktens’, ‘truleg’ og ‘visseleg’, jamfør seiemåtar som «nei, eg lyt fulla heim no», «det vert fulla ei råd», «det er fulla nok no». Fulla er merkeleg sjeldsynt i skrift, endå det er slikt eit rundt og godt potet-ord som høver til det meste.

Radt og fulla står i Nynorskordboka. Det gjer heller òg, men ordboka seier inkje om at me ofte brukar heller i staden for eller og enn: Me kan fint seia «er dæ je hell’ du som ska vaske?» og «dæ va mer hell én gong». Aasen beit seg sjølvsagt merke i denne bruken av ordet og tok han med i ordboka si.

I Norsk Ordbog fann eg òg ut kvifor eg seier ta, ti og tur for det som oftast er skrive av, i og ut av. Desse små, rare t-orda hadde eg aldri trutt eg kunne skriva, men det kan eg. På landsmål, i alle fall. Der heiter dei ut-av, ut-i og ut-or.

I ordboka si fortel Aasen at det er svært vanleg å nytta ut-av (uttala uta, ta, utå el. tå) i staden for berre av. Sjølv kan eg seia «du må ha ta deg lua», «det var mange ta dom», «je ska slå ta radioen». Det same gjeld ut-i for i, til dømes «je ska hølle ti deg», «vi må få ti øss litt mat fysst». So var det ut-or. I målføra ymsar uttala, frå uto, to og oto til utur, utu, tu og tur. Mellom anna kan du «gå tur bilen», «slå tur vatnet» og «ha tur deg eit bannord».

Både gleda og hælane fauk oppi i taket då eg fann att målføreorda mine i skriftmålet, men det monar lite når dei nesten aldri er nytta i skrift. Eg lyt fulla bita ut-i det sure eplet og sanna at mange ut-av desse småorda radt er borttrengde av meir heller mindre «moderne» ord. Men ti held i alle fall stand i eitt ord:

biteti n1 (eigenleg ‘(noko å) bite i’) smått bakverk attåt kaffi, skjenk eller anna drikke

Les bloggposten på Samlagsbloggen!