Ferdige arkitektar i Bergen syner no fram sitt syn på framtida.

24 nyutdanna arkitektar har denne veka diplomutstilling ved Bergen Arkitekthøgskole.

Her er løysingar for forstadar og drabantbyar, fokus på korleis ein kan gjere offentlege stadar tryggare med utgangspunkt i regjeringskvartalet og prosjekt som ser nærare på det at stadig fleire born bur i to heimar.

Med shopping på rette staden
– Mange av forstadane er heilt identitetsløyse, som til dømes Åsane i Bergen og Sandnes utanfor Stavanger. Ein har ingen kulturell identitet til stadane. Det viktigaste desse stadane er konsumverdien. Mange av forstadane endar opp med eit kjøpesenter som sitt bankande hjerte, seier Therese Øijord Rustad. Ho spør om det er riktig, om det er slik vi vil ha det. Ho etterspør meir regional planlegging før å møte utfordringane med vekst i forstadar, og om det er mogleg å fortette meir i sentrum i staden.

– Det er forstadane som veks i byane. Det gir òg auka utfordringar med transport. Køane berre veks.

Medstudent Pétur Blondal Magnason har laga si oppgåve kring å ein nedlagt rekefabrikk i heimlandet Island.

– Fabrikken eg har jobba med har vore tom sidan 80-talet då rekeindustrien vart lagt om. Også etter finanskrisa var mange fabrikkar og heile bygder ståande heilt tomme og forlatne, fortel Magnason. Han såg på korleis ein kan skape nytt liv der det no ikkje skjer noko.

LES OGSÅ: Når gode råd blir billege

Den norske heimen
Henriette Heggland har sett nærare på den norske heimen anno 2012. Ho vart oppmerksam på dei høge tala på samlivsbrot og undra seg over kva konsekvensar dette får for arkitekturen. Ho intervjua mellom anna born som har pendla mellom to heimar, og fann ut at dette var ei belastning for mange. Haugland teikna bustader som er flyttbare.

– Det er ei mindre belastning for arkitekturen å flytte på seg enn det er for menneske, og slik kom idéen med å teikne bueiningar som kan flyttast, seier Heggland.

 – Arkitektur kan ikkje løyse alt, men samstundes meiner eg at arkitekturen her kan vere eit svært viktig hjelpemiddel, til nettopp å minimere påkjenninga som eit samlivsbrot kan føre med seg. Me har kan hende ein tendens til å oversjå i kor stor grad den fysiske kvardagen påverkar liva våre.

LES OGSÅ: – Løftebrot frå regjeringa

Skal seie si meining
Bergen Arkitekthøgskole legg vekt på at studentane skal vere aktive stemmer i samfunnsdebatten. 

– Om ein ser på diplomutstillinga i år kan ein tydeleg lese ei haldning i val av oppgåve. Dette er eigendefinerte oppgåver som omhandlar og problematiserer uløyste oppgåver i dagens samfunn, både i Noreg og i verda, seier rektor Sixten Rahlff ved Bergen Arkitekthøgskole. Han syner til at studentane tek for seg store utfordringar som fortetting av byane våre, revitalisering av forstadane og demokratisk sikring i det offentlege rom.

– Alle desse oppgåvene går rett inn i samfunnsdebatten og alle har ein sterk stemme som relevante innlegg i denne debatten. Dette er kanskje noko er det viktigaste vi kan øve som arkitektar; det visuelle språket i høve til utvikling av ein meir demokratisk arkitektur.  

Korleis ser framtidas bygg ut? Sjå heile diplomkatalogen under:

Korleis meiner du me bør byggja byar og bygder i framtida?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE