– Problematisk at vi ikkje slepp til afrikanske bønder
Ingrid Aas Borge (25) er ny leiar for Changemaker. Ho meiner vanlege folk må halde fram med å setje global etikk og solidaritet på agendaen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil investere bærekraftig
Kva var grunnen til at du ville bli leiar for Changemaker?
– På grunn av kunnskapen, kreativiteten og at vi klarer å forandre verda og norsk politikk. Changemaker er den ungdomsorganisasjonen i Noreg som jobbar breiast med utviklingsspørsmål, og er også ein av dei fremste i Noreg på kampanjeverksemd. Dei ser heile biletet, og peikar på dei største strukturelle hindera for utvikling.
– Det trengs innsats på alle dei felta, skal vi bli kvitt utviklingshindra og sikre ei rettferdig verd. Og så kan Changemaker vise til resultat. Urettferdig u-landsgjeld har vorte sletta, regjeringa har lova oss strengare kontroll på norsk våpeneksport, og dessutan ein tryggleik mot at norske selskap snyt på skatten i fattige land.
Korleis har vegen din vore fram til du vart leiar i Changemaker?
Eg har hatt ulike verv i Changemaker gjennom studietida i Oslo. Eg har ein bachelorgrad i Afrikanske studium med fordjuping i sosialantropologi. Eg har reist ein del i Aust-Afrika, og vore med på eit eittårig utvekslingsprogram med Kirkens Nødhjelp som fokuserar på nord-sør-problematikk.
Les også: – Vi kan slutte å debattere om bistand verkar
I kva retning vil du utvikle Changemaker i framtida?
– Changemaker skal halde fram med å vere synlege i samfunnsdebatten. Sørge for at Noreg fører ein rettferdig politikk, både innenriks og utanriks. På nokre av områda er vi ekspertar i Noreg, då gjer ein seg sjølv relevant. I tillegg skal vi halde fram å setje agenda, skape dagsorden og løfte dei sakene vi meiner det er for lite fokus på. Dette gjer vi ved å spreie informasjon, både i møte med folk på gata og i media.
– Det kan vere viktig å løfte ein streng peikefinger når vi er misnøgde med korleis norske styresmakter forvaltar framtida vår, men vi får stort sett meir gehør når vi er originale i kommunikasjonen, og når vi spelar meir på lag.
Kva er dei fremste årsakene til global urettferd i dag?
– Changemaker har definert dei fem temaa global helse, fred, klima, internasjonal handel og u-landsgjeld og kapitalflukt som dei viktigaste årsakene til urettferd i verda.
– Norske investeringar gjennom Oljefondet vårt går på livet og helsa laus i utviklingsland. Ulovlege kapitalstraumar bidreg til at menneske forblir i fattigdom. Den industrialiserte verda har eit historisk ansvar for å ha skapt alvorlege klimaendringar som rammar dei fattigaste landa hardast. Samstundes opnar Noreg opp det nye oljefeltet etter det andre, utan å ta inn over oss FNs klimapanel sine åtvaringar om irreversible klimaendringar. Vi løyser ikkje den globale urettferda før vi endrar dei grunnleggjande strukturane som fører til fattigdom.
Les også: Changemaker vil at Volda skal bli skatteparadisfri kommune
Korleis kan vesle Noreg påverke mest?
– Om investeringane (til Oljefondet) hadde vore 100 % etiske, hadde dette hatt mykje å seie for store deler av folkesetnaden i verda, som i dag blir påverka av verksemder vi investerer i. Det same med finans- og handelspolitikken Noreg fører. At vi ikkje slepp afrikanske bønder inn på den norske marknaden, er problematisk. Ved å vri importen bort frå EU-varer og mot afrikanske varer, kan vi bidra til å løfte mange ut av fattigdom.
Bryr den nye generasjonen nordmenn seg meir om global solidaritet enn tidlegare generasjonar, trur du, eller er vi i ei boble?
– Eg trur at dagens generasjon blir tvungne til å forhalde seg meir til globale spørsmål fordi vi lev i ei verd der vi ikkje kan lukke auga for alt som koplar Noreg til resten av verda. Det er mange etiske vurderingar må forhalde oss til.
– Alt som utfordrar nordmenn si trygge boble – der vi lever feitt av oljepengane våre og ikkje treng å bekymre oss for morgondagen – er det utfordrande å få gehør for. Men dei etiske problemstillingane hadde i alle tilfelle aldri vorte reiste om det hadde vore opp til dei store internasjonale selskapa. Etikken og solidariteten er det vanlege folk som har sett på agendaen, det må vi halde fram med å gjere. Det er slik vi får til endring.
Les også: Noreg har verdas billegaste bensin
Korleis vil du argumentere ovanfor norsk ungdom som egentlig er fornøgd med med at Oljefondet veks så kjapt som det gjer, og som lurer på om det egentlig er verdt å engasjere seg i etiske spørsmål?
– Det går an å tene pengar og samstundes sikre at dette skjer på ein etisk måte. Å trekkje seg ut av verstingselskapa som driv uetisk, tyder berre å flytte investeringane til eit selskap som ikkje bryt menneskerettane. Viss vi skal halde fram å tene pengar over tid, er òg Oljefondet nøydde til å investere berekraftig og ta omsyn til miljø og menneske som vert påverka. Det finst utviklingsfremjande verksemder det går an å investere, som samstundes sikrar inntekt for Oljefondet.
– Dette kan det vere utfordrande å formidle til ein stor del av nordmenn i dag. Det kokar ned til at dei ynskjer å verne om framtidige norske generasjonar sine pensjonar. Dette tek ikkje inn over seg utfordringane vi står overfor i verda i dag.