Deler nakenbilete på Instagram

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med den auka populariteten rundt biletdeling på nett har det blitt ein trend at det ikkje berre er bilete av våte kattar, middagsrettar og solnedgangar som vert spreidd. Instagrambrukarane merkar òg bileta med søkbare tags i alle seksuelle retningar, og til dømes har tagen #instasex over 215000 registrerte bilete, mange med usensurerte bilete av kjønnsorgan og avkledde bryst.

Urovekkjande
Merethe Clausen Moe er leiar i Barnevakten, ein organisasjon som gir råd om barn og media. Ho ser grunn til å åtvare mot konsekvensane av Instagram sin popularitet:

– Det er urovekkjande. Instagram er enkelt å bruke, og det er færre tastetrykk enn å legge ut bilete på ulike nettstader. Det blir med det lettare å spre bilete utan refleksjon og tillating, seier ho.

– Mange tenker at alle nye appar berre er moro, utan å tenke på konsekvensene, trur Clausen Moe.

LES OGSÅ: Ny app for tidsreiser

Oppmodar til sex-kontakt via Kik-messenger
Instagram har reglar som seier at ein ikkje har lov til å publisere eksplisitte bilete, og sjølv om dei fleste bruker Instagram lovlydig, har òg appen blitt ein cybersex-portal og utstillingsvindauge for poserande og flørtande tenåringar frå trettenårsalderen og oppover.  

Under Instagrambileta er det òg vanleg å informere om brukarnamnet sitt på messenger-tenesta Kik, og oppfordre til sending av private meldingar og bilete direkte til kvarandre sine telefonar. Dette gjer det vanskeleg for foreldre og andre å følgje med på kven som kjem i kontakt med kven.

– Meldingsappen Kik vert brukt til å utveksle personlege opplysningar, så den bør ikke brukast i det heile tatt, åtvarar Clausen Moe.

LES OGSÅ: Hett på nettet

Viktigare enn før med personvern
Med Kik-tagging og geotagging (som avslører kvar biletet vart teke) vert det enklare for folk med vonde intensjonar å kontakte og oppsøke naive tenåringar. Clausen Moe meiner det er viktigare enn før å ikkje dele personinformasjon.

– Vi må opplyse barn og unge om at det finst menneske med både gode og dårlege hensikter på nett, at borna aldri må dele personopplysningar, og at dei ikkje må opne opp for at appar/program gir den informasjonen automatisk (til dømes geotaging i Instagram).

LES OGSÅ: Avslører søkjarar på Facebook

Bevisstgjering, ikkje sensur
Merethe Clausen Moe meiner det ikkje er mogleg å gardere seg heilt, og at ein må hugse at born har rett til å både ytre seg og kommunisere med omverda på nett. Ho legg vekt på at ein må bevisstgjere brukarane meir, og at foreldra må kommunisere ope om slike nye fenomen.

– Som brukar kan ein sjølv vere bevisst på kva bilete ein legg ut og kva slags innstillingar som regulerer tilgjengelegheit og bruk. Både barn, unge og foreldre treng meir bevisstgjering og kunnskap om bruk av smarttelefonar og nettbrett, meiner ho.

– Det er betre å gi borna gode råd og rettleiing, enn å kontrollere og overvake. Skal ein installere filter på mobil eller pc, bør ein gjere dette på ein open måte med borna, tilrår ho.

LES OGSÅ: Fleire yngre sex-debuterer

– Eksponeringa skjer tidlegare
Barnevakten møter ca. 20000 barn og unge kvart år rundt omkring i landet, og har merka ei endring i barn og unges nettbruk, samanlikna med få år tilbake.

– Vi ser at borna blir aktive på nett tidlegare enn før, og dermed skjer eksponeringa tidlegare, og naturleg nok har borna då mindre evne til refleksjon over kva som vert lagt ut. 

– Mi oppleving er at dei som er bevisste også blir stadig yngre, kanskje fordi dei har gjort ein del uheldige erfaringar på nett. Denne gruppa er ein ressurs, som kan lære vekk noko både til dei som er yngre og foreldra deira, foreslår Clausen Moe i Barnevakten.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

Vil ha høgare aldersgrense
Instagram har blitt kritisert for å ha alt for låg aldersgrense. Dette er ein kritikk som Clausen Moe i Barnevakten stiller seg bak. Ho foreslår minimum 15 års aldersgrense.  

– Det er foreldra som er hovedansvarlege for bilete av barna på nett fram til dei er 15 år. Med 13 års aldersgrense på på Instagram vil det vere nærast ei umogleg oppgåve for foreldre å halde oversikt over bornas deling av bilete. Kanskje vil dermed 15 år vere ei meir naturleg aldersgrense, spør ho.

Spørsmålet er kor lenge Apple, og Facebook, som nett har kjøpt Instagram for ein milliard dollar, vil tillate at brukarane held fram med å legge ut bilete av pornografisk karakter.