Hett på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På den norske nettsida «sukker.no» blir det i gjennomsnitt 70 nye kjærastepar kvar dag. Ifølgje gründer Morten Gulliksen er det stort sett unge som nyttar seg av det, og toppen ligg rundt slutten av 20-åra.

– Nokre forbind endå nettsjekking med desperate kontaktannonser og liknande, men det er passé. Det er ikkje lenger tabu å finne seg ein partnar på nett. Internett er i dag den staden kor flest får seg kjærast. På «Sukker» er det òg eit veldig høgt utdanningsnivå, seier Gulliksen.

Tidlegare «Sukker»-brukar Axel Bjørkelid tilbakeviser òg fordomane.

– Fordomar om at det er lite attraktive og innadvente menneske som brukar Internett for å få seg kjærast stemmer ikkje lenger i det heile. Alle venene mine som gjer det er høgt utdanna og pene folk, fortel han.

Fire damer på fire veker
Bjørkelid trur det har vorte meir sosialt akseptert med nettsjekking fordi fleire og fleire gjer det.

– Ein bruker Internett og sosiale medium heile tida. Dette er litt det same, der alle er tilgjengeleg for å flørte, seier han.

Då Bjørkelid kom tilbake til Bergen for å jobbe etter fleire år med studium på Austlandet var nettverket lite. Han var singel og jobba berre med 50-åringar. Ein kamerat oppmuntra han til å prøve nettstaden.

– Eg hadde ein vanleg profil der ein månad først, men så tenkte eg at «no kliner eg til» og kjøpte månadsabonnement. Eg sende ut meldingar i aust og vest og eg møtte fire damer på fire veker.

Tid for kjærleik
«Sukker»-gründeren framhevar at nettstaden er ein effektiv måte å treffe nye potensielle partnarar på.

– Om ein ikkje har funne nokon når ein er ferdig å studere og ein byrjar å jobbe, så er det veldig effektivt og lettvint å bruke nettet, forklarar Gulliksen.

Les òg: Er internett `verkeleg`?

For Bjørkelid vart nettsjekkinga likevel for tidkrevande.

– Eg vart lei, det tok så jævleg med tid. Ein forpliktar seg jo til å følgje opp heile tida. Hadde eg halde på litt lenger kan det vere eg hadde kome meir inn i den måten å sjekke på, seier han.

Sortering
Gulliksen fortel at det kvart år er 100.000 menneske innom «Sukker», og av desse er det 25 000 som får seg kjærast. Han meiner årsaka til suksessen er at «Sukker», som einaste nettside i Norden, har relasjonsmatching. Når ein registrerer seg må ein besvare 70 spørsmål slik at systemet kan finne fram til dei brukarane som passar ein best.

– Det finst inga sortering på byen. Der er det så mange å forhalde seg til, og å finne nokre som passar deg der er ikkje særleg lett. Ein blir gjerne trekt mot folk etter korleis dei ser ut, men det har jo lite med personlege eigenskapar å gjere eller kor godt ein kan passe saman, seier han.

Singelbyen Oslo
Delen med aktiv profil i Hordaland er forholdsvis låg i tilhøve til i hovudstaden, ifølgje Gulliksen. Bjørkelid trur det kjem av at konsentrasjonen av single er større der.

– I Bergen sirkulerer mykje rundt studentlivet, studentane er ein veldig stor del av bybiletet. I Oslo er det ein større arbeidsmarknad og dermed fleire single.

Sjølv om Bjørkelid synest det vart for tidkrevande å leite etter den rette på nettet ser han ikkje bort ifrå å prøve det igjen.

– No veit eg jo at det går an og at det er tilgjengeleg. Om det blir ein veldig treig sommar kan det vere eg børstar støvet av profilen min att.

Les heile saka i Studvest!