Skal vi ha dubbing eller teksting?

Det nordiske språkmøtet i Oslo 30. og 31.august fokuserer på dubbing kontra teksting av skandinaviske språk på tv .

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk i Norden, spesielt unge, forstår mindre av språka i nabolanda enn før. Det er et politisk mål å hindre at denne utviklinga held fram. Gjennom tv har barn og unge fått høre og lære nabospråka. Dermed har tv-selskapa sørgja for språkstimulering og språkopplæring på tvers av landegrensene. Korleis kan tv bidra til at også kommande generasjonar skjøner nabospråka? spør Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, i ei pressemelding i samband med det årlege nordiske språkmøtet i Oslo dei siste to dagane i august.

Møtet i år handla om å hindre at utviklinga mot at innbyggjarane i Norden ikkje skjøner kvarandre like godt som tidlegare.

Les òg: Reagerer på dubbing

Svensk skal ikkje dubbast
– Om det er eit skikkeleg framandspråk, kan det vere naudsynt med dubbing for dei som ikkje kan lese. Men svensk skal ikkje dubbast. Borna mine såg på svensk barne-tv og hadde aldri problem med å skjøne det. Dette har vi tradisjon for i Noreg, og om vi no startar med dubbing, raknar det siste halmstrået for å redde den skandinaviske nabospråkforståinga. Det er siste spiker i kista, seier Arne Torp, professor i nordisk ved Universitetet i Oslo, til Klassekampen torsdag.

Han har ikkje mykje respekt for argumentet særleg NRK nyttar seg av når dei seier at dubbing er viktig for at born skal skjøne programma.

– Den beste og enklaste måten å lære språk på er ved å høyre det. Svensk og dansk er så likt norsk at ein raskt kan lage meining i det ein høyrer, og dermed opparbeide seg språkkompetanse. Om desse språka forsvinn frå tv er det uheldig, avsluttar Torp.

Les òg: Danskane bør lære norsk og svensk

Dubbing veks meir og meir
– Eg er overraska over at marknaden har vakse sånn. Det seier vel noko om at det finst nok krefter i Noreg til å halde det norske språket. At ein ynskjer å ha dialogen i programma til borna på norsk, har vel litt med den nasjonale stoltheiten å gjere. I dag skjønar jo born engelsk heilt ned i 2. og 3. klasse, sa Morten Karlstad i selskapet Nordubb til Aftenposten i januar.

Selskapet dubbar rundt 1500 episodar i året i dei fem lydstudioa dei har.

Les ògNei til dubbing

Dubbing var allereie då i ferd med å bli stor industri med hundrevis av involverte skodespelarar, både barn og vaksne.

Förstår du vad jag säger? Prøv quizen vår om svensk og dansk!

Kva meiner du? Bør NRK slutta å teksta svenske og danske seriar?