Kva vil oljeboomen gjera med oss?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oljefunn kan føre til sosial uro

Johan Sverdrup-funnet kan vere det som sikrar oss nok pengar til å finansiere velferdsstaten og eldrebølgja i framtida. Men oljeboomen fører òg til auka innvandring, større klasseskilje og auka risiko for sosial uro, seier professor Grete Brochmann.

Sosiologiprofessoren seier til Dagens Næringsliv at store oljeinntekter over lang til kan fjerne frykta for at innvandring som ein trussel mot velferdsstaten. Men fleire innvandrarar kan òg bety større klasseskilje og andre sosiale og kulturelle problem, trur professoren.

LES OGSÅ: Slik skal velferdsstaten reddast

Premissane er endra
Grete Brochmann leidde det offentlege utvalet som frå 2009 fram til mai 2011 greidde ut om fordelar og ulemper ved innvandring. Med dei nye oljefunna i Nordsjøen er premissane som låg til grunn for konklusjonane hennar, endra.

– Da var kalkylane at velferdsstaten kom til å gå med underskot frå 2020. Dei økonomiske utfordringane ved innvandringa var ein av dei viktigaste grunnane til at utvalet vårt vart oppnemnt. No kan ein forlengd oljefase telje veldig positivt på inntektssida, seier ho.

Det nye oljefunnet har ein potensiell salsverdi på opptil 2.343 milliardar kroner – det vil seie rundt to tredelar av dagens oljefond.

LES OGSÅ: Utdanning viktigare enn olje

Åtvarar
Brochmann åtvarar likevel mot å ta for lett på dei sosiale utfordringane som kan komme med auka innvandring. Ifølgje professoren har Noreg no den høgaste innvandringa nokosinne. Ho er høgare per innbyggjar enn i klassiske innvandrarnasjonar som USA og Canada.

– Dette må vi vere opne for å diskutere, sjølv om arbeidsinnvandring kan vere ønskjeleg. Det er ikkje usannsynleg at vi får stadig større innslag av uryddige arbeidsforhold. Vi kan få eit samfunn med mykje større klasseskilje. Det ville bekymre meg – som eit brot med det samfunnet vi har hatt, seier Grete Brochmann. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Korleis meiner du Noreg bør forvalta oljerikdommen sin?