Fyll og dur framfor kultur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spalteplassen i media har ikkje vore liten når det kjem til å kritisere studentane som har farta rundt i Bergen by dei siste vekene. Lise Rakner, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (UiB), er ei av dei som har gått sterkt ut mot fadderveka.

– Slik fadderveka har utvikla seg, framstår dette som ei ny russetid med sterkt preg av fyll, seier professoren.

Ho meiner det har blitt verre enn tidlegare.

– Fadderveka har to andlete: Det som skjer på Nygårdshøyden, og det som befolkninga ser i sentrum. Eg meiner at fyllakalaset har blitt verre, og 2012 var, om mogleg, verre enn 2011, seier Rakner.

Ho meiner UiB bør tenkje over om dei vil ha logoen sin på fadderskjortene.

– Når studentane har UiB-logo på brystet når dei festar, blir UiB assosiert med organisert festverksemd. Ved å vere slepphendt med logoen vår framstår universitetet som ein statsfinansiert partyfiksar som for omverda fortonar seg som ei veke lang orgie iført toga-, ninja- og piratkostymer, seier professoren.

– Jobbar hardt
Eva Michelet Berntsen, leiar for fadderstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, meiner kritikken er unyansert.

– Me jobbar veldig hardt for å lage ei god fadderveke, og er veldig stolte av resultatet. Studentane er nøgde og det er det som tel, ikkje korleis professorar opplev det. Media har berre fokus på det negative og gløymer alt det bra me gjer, seier Berntsen.

Ho seier at UiB-logoen på t-skjortene er viktig for studentane.

– Eg håper og trur at studentane føler eit samhald når dei går med UiB-logoen. Me er verdt logoen me går med og er stolte av å gå på UiB. Utan det sosiale i fadderveka hadde studentane slutta etter eit år, grunna mangelen på omgangskrets, seier fadderstyret-leiaren.

Maria Nordås, student ved UiB, har delteke på fadderveka to gonger. I likskap med Berntsen, meiner ho kritikken er ufortent.

– Fadderveka er ein veldig grei måte å bli kjent med nye folk på. Me får beskjed om at det ikkje er drikkepress, men det er såklart lettare å bli kjent med folk når du er med på festane, seier Nordås.

Ho meiner fadderveka viser fram fleire sider av studentlivet.

– Det kan vere skremmande for mange å byrje å studere. Då er det viktig å vise at studentlivet ikkje berre er jobb, men også sosialt og moro.

– Langt frå det UiB står for
Rakner får likevel støtte frå leiar i kulturstyret, Gøran Thengs.

– Eg er heilt einig i kritikken frå Rakner, sjølv om ein skal vere forsiktig med å vere for moralistisk. Det ein driv med i fadderveka er langt frå det UiB står for. Tida bør vere inne for å spørje om UiB skal ta ei enda meir aktiv rolle, seier Thengs.

Thengs synest dagens fadderordning er demokratisk problematisk.

– Sjølv om studentane sin sjølvbestemmingsrett er viktig, er det endå viktigare å spørje kor demokratisk det er at nokre få fadderleiarar får bestemme programmet for tusenvis av nye fadderbarn. Eg trur fleire ville kosa seg i ei fadderveke som ikkje prøver å kopiere russetida, meiner Kulturstyret-leiaren.

David Yttervik Seetiangtham, leiar i Studentersamfunnet i Bergen, er einig.

– UiB bør involvere seg meir på kveldsarrangement. Ein kan vidareutvikle fadderveka meir. Det blir for lettvint å berre drikke. Ein bør ha meir fokus på det fantastiske kulturlivet byen byr på, og ikkje berre på sjarmlause utestadar, seier Seetiangtham.

Likevel meiner Samfunnet-leiaren at Fadderveka bør bestå.

– Når ein bur i ein studentby må ein rekne med litt liv og vitalitet. Det er ein viktig del av byen.

Alternative løysingar
Leiaren av fadderstyret håper kulturelle arrangement får større plass i framtida.

– Men det krev meir pengar. Når ein ikkje har så mykje å rutte med er det lett å vere på utestadar der leiga er gratis, seier Bertnsen.

Professor Rakner meiner derimot ein bør korte ned heile fadderveka til to dagar tettpakka med faglege og informative tiltak.

– Å vitje Bergen sine utestadar kan dei gjere på eigahand, utan å bli leia av ein fadder i UiB-skjorte. Det er faktisk ikkje så vanskeleg å finne fram i Bergen, seier professoren.

Les saka i Studvest!